Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobb hos oss

Ved dialyseavdelinga behandlar me pasientar med nyresvikt som er dialysetrengande. Vi utfører òg plasmaferese, LDL-afarese, heime-dialyse og sjølv-dialyse.  

Dialyseavdelinga, medisin post 2, er organisert under Seksjon for nyresjukdomer, medisinsk klinikk., Haukeland universitetsjukehus. Du finn oss i sentralblokka i 6. etg. nord. Vi kan treffast på telefon 55973620.

Dialyseavdelinga er ein dagenhet. Pasientane kjem til behandling og reiser heim etter endt behandling. Det er 2 dialysesatellittar tilknytta avdelinga: Sotra og Knarvik. Me har 20 behandlingsplassar på Haukeland, Sotra 10 plassar og Knarvik 9 plassar.    

Dialyseavdelinga har òg ein utpost funksjon, det vil sei at me behandlar pasienter som er innlagd ved andre avdelingar på Haukeland, som intensiv, brannskaden, TIO, MIO, MOE og ROE. 

Dialyseavdelinga samarbeider tett med medisin post 1Nord – nefro, då me har pasientar i same pasientgruppe.  

Ved avdelinga på Haukeland jobbar me to skift i vekedagane og eit skift i helgane. I tillegg har me heimevakt den tida avdelinga ikkje er bemanna. På satellittane er det berre dagdrift. Tilsette rullerer mellom HUS og satellittane.  

Avdelinga har årsturnus, der det er mulig å komme med ønsker. Ved avdelinga er det og ansatte i fellesvaktordning på medisinsk avdeling.    

Dersom du jobbar ved dialyseavdelinga blir du god i dialyse. Du blir òg god i væskerekneskap og væskebalanse. Du får eit godt innblikk i funksjonen til nyrene og alle oppgåvene dei utfører i kroppen.   

Ved dialyseavdelinga er det 46 tilsette, dei som jobbar her er sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, spesialsjukepleiarar og assistentar. 

Hos oss har me eit godt arbeidsmiljø der me har fokus på at alle skal ha det bra på jobb, og me hjelper kvarandre til å levera kvalitet i pasientbehandlinga. 

Sist oppdatert 14.02.2024