Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Med klinikk poliklinikk behandlingsrom med liggestol. Sjukepleiar blandar medikament

Medisinsk poliklinikk og dageining

Vi flytta til Marie Joys' hus, i Jonas Lies vei 81, våren 2025 Medisinsk poliklinikk og dageining tar imot pasientar som har poliklinisk time eller skal til dagbehandling ved ein av våre seksjonar i Medisinsk klinikk: Hormonsjukdommar, fordøyingssjukdommar, blodsjukdommar infeksjons­sjukdommar, og nyresjukdommar. Ved dagbehandling er pasienten i avdelinga i 5 timar eller meir, og reiser heim samme dag. Dette kan vere aktuelt for pasientar som til dømes treng lengre infusjonar, skal ta nyrebiopsi, få opplæring i insulinpumpe, beinmergstransplanterte under oppfølging, eller anna opplæring. Det vil komme klart fram i innkallinga om du skal til poliklinisk time eller til dagbehandling.

Medisinsk poliklinikk og dageining har pasientar frå fem ulike fagseksjonar. Desse kan du lese meir om her:

Kontakt

Telefon

Open måndag - fredag kl. 08.00-15.00

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Marie Joys' hus

Jonas Lies vei 81

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkering ved Marie Joys' hus
De nærmeste parkeringsområdene for besøkende til Marie Joys hus er Parken og Sentralblokken. Innkjøring er ved Haukeland hotell. 

  • I Parken kan man parkere i parkeringshuset (3 etasjer), under Haukeland hotell eller på utendørs parkeringsplasser som befinner seg innover området. Det er også flere parkeringsplasser utenfor MJH. I Parken er det ca. 180 parkeringsplasser.
  • I Sentralblokken er det 300+ parkeringsplasser innendørs. Parkerer man i Sentralblokken kan man gå innendørs via tunnelsystemet til MJH. Det er også mulig å gå utendørs gjennom sykehusparken.
  • Det er parkeringssystemet Sesam Sesam som brukes i Parken og Sentralblokken. Det er stor knapphet på parkeringsplasser på dagtid. 
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Taxi til Marie Joys' hus
På forplassen foran Marie Joys' hus er det mulig å kjøre inn og slippe av og/eller hente pasienter. Innkjøring til Parken er ved Haukeland hotell. Parkering tillates ikke på forplassen.