Jobb på medisinsk overvakningseining

MOE - post 6 er bemanna for å kunne ivareta ein overvakingsfuksjon for kritisk dårlege pasientar, samt ein akuttfunksjon for mottak av meningitt (hjernehinnebetennelse) direkte på post.

​MOE - post 6 er er organisert under Seksjon for Infeksjonssjukdommar, Medisinsk klinikk, Haukeland Universitetssykehus; du finn oss i 7. etg, i nordlige sengekors. Vi kan treffast på tlf. 55973720.

Vi har 10 sengeplassar fordelt på tre einerom, tre plassar på to luftsmitteisolat og eit overvakingsrom med fire sengeplassar. Alle romma har sluse,  og 5 rom kan brukast som isolat. 

Vi er bemanna for å kunne ivareta ein overvakingsfuksjon for kritisk dårleg pasientar, samt ein akuttfunksjon for mottak av meningitt (hjernehinnebetennelse) direkte på post. Vi jobber ut fra primærsjukepleieprinsippet, men er flinke til å spørre om hjelp og støtte når situasjonen krev det. 

Vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein god blanding av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og spesialsjukepleirara, både kvinner og menn.

På posten møter du pasientar frå 16 år og oppover, med ulike diagnoser. Nokre har smittsame tilstandar som tuberkulose, clostridium, covid-19  eller MRSA og treng isolasjon på einerom over kortare eller lengre tid. 

Andre kan være akutt og- kritisk sjuke med sepsis, hjernehinnebetenning, alvorleg pneumoni, ketoacidose, alvorlege elektrolyttforstyrringar ol og treng tett monitorering, respirasjonsstøtte, fastvakt/oppfølging på.  Vi kan ha overvaking i alle sengene med monitorering, og støtter dei andre medisinske postene ved behov for tettare monitorering/overvakning enn det om er mogleg på vanleg sengepost.  

Vi gir blant anna pressorbehandling og CPAP/BIPAP. Desse pasientene får ofte arteriekran, og vi har moglegheit for blodgassanalyser da vi også har analyseapparat på eininga . Vi har og generell indremedisin som pneumoni, gastroenteritt, sårinfeksjonar, infeksjonar i urinveiar. 

Kvardagen vår består først og fremst av tett oppfølging av pasientane; pleie, medisinering, observasjoner, støtte til pasienar og pårørande. Vi arbeidar tverrfagleg med fleire yrkesgruppar i sjukehuset. Vi møter stadig på nye utfordringar, problemstillingar og diagnoser – ein lærer noko kvar dag og her er rom for fagleg utvikling.

​MOE - post 6 er er organisert under Seksjon for Infeksjonssjukdommar, Medisinsk klinikk, Haukeland Universitetssykehus; du finn oss i 7. etg, i nordlige sengekors. Vi kan treffast på tlf. 55973720.

Sist oppdatert 01.06.2023