Sosionomavdelinga

Avdelinga gir tilbod til pasientar og pårørande ved somatiske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Sosionomen kjenner godt til dei ulike tilboda og arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Sosionomtenesta er gratis.

Les meir om Sosionomavdelinga

Sosionomavdelinga

Sjukdom og skader kan føre med seg praktiske og personlege utfordringar som det kan vera vanskeleg å handtera. Situasjonen du står i kan utløyse rettar i forhold til hjelpeapparatet.

Last ned brosjyra Treng du eit hjelpetilbod? (PDF)

Sosionomen kan gi støtte, rettleiing, råd og informasjon, formidle kontakt med andre instansar og bistå med søknadar.

Du kan få tilbod om samtale for å snakke om din situasjon dersom du er pasient eller pårørande ved sengepost, dagavdeling eller poliklinikk. Sosionomen har teieplikt på lik line med anna helsepersonell på sjukehuset.

Fagutvikling, konsultasjon, rettleiing og undervising er integrerte deler av tenesta.


Ansvarsområde

Sosionomavdelinga er organisert i fleire arbeidslag som til saman gir sosionomtenestar til heile sjukehuset. 
Avdelingssjef: Synneve Myklebust 55 97 38 08




Kontakt

Oppmøtestad

Pasientsamtalar finn stad på avdelinga der pasienten er innlagt, eller etter avtale ved Medisinsk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka. Dei fleste tilsette i Sosionomavdelinga har kontor i 1. etasje i Fjellsida.

Telefon
55973808
måndag - fredag Kl. 08.00-15.30
E-post
Besøksadresser og praktisk informasjon
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.