Infeksjons­medisinsk seksjon

Infeksjonsseksjonen har omfattande poliklinisk verksemd, som er stabilt aukande over år. Blant hovudaktivitetane er utgreiing, oppfølging og behandling av pasientar med kroniske virussjukdommar som HIV og smittsame leverbetennelsar; hepatitt B og C.

Les meir om Infeksjonsmedisinsk seksjon

Infeksjonsmedisinsk seksjon

Infeksjonsseksjonen har ni overlegar som er spesialistar i infeksjonssjukdommar. Seksjonen har òg omfattande oppgåver i undervisning av legar og sjukepleiarar og tilbyr spesialistutdanning av legar i infeksjonssjukdommar. Seksjonen har i dag sju assistentlegar under utdanning.

Seksjonen har to sengepostar, Medisinsk post 5 Vest og Medisinsk post 6, og har administrativt ansvar for Medisinsk avdeling sin observasjonspost.

Vidare er Nasjonal kompetanteneste for tropiske infeksjonssjukdommar (CTID) underlagd Infeksjonsseksjonen. Senteret driv forskings- og utviklingsarbeid, og kompetanseheving av helsepersonell i utviklingsland er eit hovudemne.

Infeksjonssjukdommar

Infeksjonsseksjonens viktigaste arbeidsoppgave er behandling av infeksjonssjukdommar. Nokre eksempel på tilstandar som diagnostiseres og behandles på sengepostane:

  • Lungebetennelse
  • Influensa
  • Hud og bløtvevsinfeksjonar
  • Urinveisinfeksjonar
  • Smittsomme diaresykdommer
  • Sepsis
  • Infeksjonar i sentralnervesystemet
  • Ortopediske infeksjonar
  • Immunsvikttilstandar
  • Tuberkulose
  • Utreiing og behandling av sjeldne infeksjonstilstandar

Infeksjonsseksjonen har regionalt ansvar i Helse Vest for behandling av multiresistent tuberkulose. Seksjonen har lokalansvar for behandling av pasientar med særleg behov for isolasjon (MRSA og andre problemmikrober), for infeksjonar i sentralnervesystemet, for infeksiøs endokarditt, for sepsispasientar med overvakingsbehov og for handsaming av ortopediske infeksjonar.

Infeksjonsseksjonen har omfattande poliklinisk verksemd, som er stabilt økende over år. Blant hovudaktivitetane er utgreiing, oppfølgjing og behandling av pasientar med kroniske virussjuksommar som HIV og smittsomme leverbetennelser; hepatitt B og C.

Mistanke om malaria

Før fastlege rekvirerer malariamikroskopi poliklinisk, skal rekvirenten diskutere indikasjonsstillinga med vakthavande infeksjonslege. 

Malaria er ein sjeldan sjukdom i Noreg men tilstanden er potensielt dødeleg. Legar som møter pasientar som har feber etter reise til tropene, må difor tenke på malaria.

Undersøkinga er ressurskrevjande og vi vil sikre at pasienten blir følgd opp på ein trygg og korrekt måte. Ved Haukeland universitetssjukehus er malariadiagnostikk ein øyeblikkeleg-hjelp prøve.

Analysen blir utført ved Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB) ved hjelp av mikroskopi av tynn- og tjukk dråpe frå perifert blod, og eventuelt antigentest (hurtigtest).

 Preparatat blir mikroskopert og vurdert som øyeblikkeleg hjelp av overlege ved infeksjonsseksjonen på Medisinsk avdeling.

Mange pasientar skal primært tilvisast til klinisk vurdering av spesialist.

Når fastlege og spesialist er einige om å rekvirera prøver poliklinisk, må det alltid ligge føre pasientopplysningar som:

  1. Adresse og telefonnummer
  2. Detaljerte kliniske opplysningar. Reisemål, og dato for innreise til og utreise frå malariaområde
  3. Symptom
  4. Kva profylakse som har vore nytta i kva tidsrom

Legar i primærhelsetenesta er velkomne til når som helst å ta kontakt med Kompetansesenteret for tropiske infeksjonssjukdommar for å søkje råd om malaria eller andre tropessjukdommar.

Kontakt

Oppmøtestad

Ekspedisjonen ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Følg skilta frå heis eller rulletrapp til Medisinsk poliklinikk og dageining. Kjem du opp rulletrappa i 2. etasje ligg ekspedisjonen til høgre og igjennom døra. Ekspedisjonen er open for pasientar måndag - fredag, kl. 07.30 - 16.00

Logg inn for å endre time

Telefon
Ekspedisjon: 55 97 30 00
Telefonen er open måndag - fredag kl. 08.00-15.00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.


Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.


Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Nasjonal kompetansetjeneste for tropiske infeksjonssykdommerhttps://helse-bergen.no/avdelinger/medisinsk-avdeling/infeksjonsmedisinsk-seksjon/nasjonal-kompetansetjeneste-for-tropiske-infeksjonssykdommerNasjonal kompetansetjeneste for tropiske infeksjonssykdommer