Kursinnhald
- Trening
- Undervisning
- Motivering til røykeslutt
Kurset brukar ei endringsfokusert tilnærming.
Gruppebasert trening og undervisning
Treninga føregår i grupper på 8 personar. I undervisninga vert to grupper slått saman, slik at vi då er totalt 16 personar.
Trening
Vi tilbyr to treningsnivå:
- Middels/sprek aktivitetsnivå. Kombinasjon av trening for styrke og uthald.
- Lågt aktivitetsnivå. Hovudvekt på trening for bevegelse og styrke.
Undervisning
Du vil få undervisning i tema som pusteteknikk, treningslære, slimmobilisering, sjukdomslære, medikamentbruk, ernæring, trygderettar og det å leve med kronisk sjukdom. Undervisning vert gitt av eit tverrfagleg team som består av fysioterapeutar, lege, sjukepleiar, sosionom, ernæringsfysiolog, farmasøyt og prest.
Individuell rettleiing
Etter behov vil du kunne få individuell rettleiing i røykeslutt, inhalasjonsteknikk, slimmobilisering, trygderettar og ernæring. Alle deltakarane vil få tilbod om ein samtale med lege.
Korleis få plass på kurset?
For å kunne delta på kurset treng du tilvising frå fastlege eller lungespesialist. Du vil så bli innkalla til ein testdag der du får ein samtale med fysioterapeut og må gjennomføre fysiske testar. For å kunne delta på kurset må du:
- Kunne gå opp/ned ein etasje i trapp
- Kunne delta i gruppeundervisning på ca 45 minutt
- Kunne delta i gruppetrening til musikk
- Ha kapasitet til å reise til/frå kurs 2-3 gongar i veka i 6 veker
Dersom du ikkje har frikort må du betale ein eigendel for heile kurset.
Tid og stad
Kurset føregår på dagtid to og tre dagar i veka i seks veker. Dette vil sei 13- 15 kursdagar. Kvar kursdag varer i om lag 3- 4 timar og inneheldt ein bolk med trening og ein med undervisning.
Lungerehabiliteringa finn du i Lunge poliklinikk i underetasjen i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Transport
Du må i utgangspunktet sjølv sørge for å komme deg til og frå kurset. Du kan søke om å få dekka reiseutgifter på
Pasientreiser. Drosje vert vurdert individuelt ut frå medisinske grunnar.
Søknad til Lungerehabilitering HUS