Jobb på Lungeavdelinga
Lungeavdelinga er ein god arbeidsplass både fagleg og sosialt. Vi jobbar heile tida med å bli bedre og ønsker oss kollegaer som vil vera med å bidra til dette gjennom tverrfagleg systematisk arbeid, fagutvikling og ikkje minst deltaking i sosiale arrangement.
Som tilsett hos oss får du ta del i ei stor og veldreven avdeling og vi tilbyr god opplæring og rettleiing til nytilsette. Vi arbeidar for kvalitet og samarbeid og hospitering mellom einingane i avdelinga, noko våre tilsette set stor pris på.
Lungeavdelinga er blant dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking innan lungemedisin. Vi har som mål å gje god behandling og omsorg som byggjer på nyaste forsking innan lungesjukdommar, pusteproblem eller respirasjonssvikt grunna sjukdom i andre organ. Lungeavdelinga er også opptatt av å bidra til å utvikle Helse Bergen gjennom å delta med ressursar i ulike prosjekt. Vi er og svært positive til å vera pilotavdeling ved innføring av ulike nye system. Det neste vi skal vera pilot for er innføring av Dips Arena som etter planen skal starte opp i løpet av 2019.
Fagleg utvikling
Vi ønsker å legge til rette for at alle yrkesgrupper kan vidareutvikle seg innan eige fagfelt, og prøver å legge til rette for at den enkelte får ein karriereveg i Lungeavdelinga enten du er lege, sjukepleiar eller kontoransatt.
Inkluderandre arbeidsmiljø
Avdelinga har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og oppfordrar alle nye kollegaer til å bidra med sitt til å ivareta dette. Vi har spredning i alder frå dei aller yngste og nyutdanna til dei med lang erfaring og alder opp mot pensjonsalder.
Det blir arrangert og tatt initiativ til sosiale tiltak i dei ulike seksjonane, og i tillegg arrangerer sosialkomiteen felles sommarfest og julebord. Avdelingsleiinga inviterer til julelunsj og temadag kvart år. Det er viktig å ha nokre felles møtepunkt sidan vi geografisker lokalisert ganske spreidd. Sengepostane, post 1 og post 3, er lokalisert i 5. etg i sentralblokka. I underetasjen ligg Lungepoliklinikken og i 3.etasje er legekontor og administrasjon. I tillegg har vi Senter for søvnmedisin som ligg i gamle hovedbygg.
Sjukepleiar og hjelpepleiar
Som sjukepleiar og hjelpepleiar hos oss vil du arbeide på ei avdeling med høg aktivitet og varierte utfordringar. Du lærer pleie og behandling til akutt og kronisk lungesjuke. Stillingane er anten knytt til poliklinikk, ein av våre sengepostar eller i kombinasjonsstilling mellom poliklinikk og sengepost. Sjukepleietenesta samarbeider med Høgskolen i Bergen om videreutdanning i lungesjukepleie (60 st.p).
Legar
Legane hos oss arbeider både i poliklinikk og ved sengepost. Vi har ei felles vaktordning i primærsjikt og tett samarbeid med Hjerteavdelinga og Medisinsk avdeling. Dette gjer at du som LIS lege kan rotere mellom avdelingane for å tilegne deg rett kompetanse i utdanningsløpet. Dette forutset at du søkjer ved rotasjon og at det er ledige plassar. Rotasjon gjennomførast kvar 6 mnd.
Merkantilt personell
Merkantil gruppe ved lungeavdelinga arbeider tett saman og har dagleg kontakt i utveksling av pasientopplysningar og koordinering av leger. Teamet er organisert som ei gruppe, men lokalisert ulike stadar for å være lett tilgjengelig for alle våre brukare.
Vi har eit godt miljø og mulighet for utvikling. Ønsker du å arbeide hos oss er du hjarteleg velkomen til å søkje.
Møt våre tilsette
«Skulle aldri flytte til Bergen eller jobbe på lungeavdeling, men her er eg altså, på Lungeavdelingen i Bergen på 26. året. Grunnen til at eg blir verande er godt faglig miljø og eit godt arbeidsmiljø. Aldri ein kjedelig dag! Mange utfordringar, men og nysatssingar og spennande pasientgruppe. Føler eg får lære noko nytt heile tida. Føler eg blir sett.»
- Målfrid Årflot
«Vi har eit godt arbeidsmiljø, og jobbar tett tverrfaglig med fleire yrkesgrupper. Det kan vere høgt tempo til tider, men det gode sosiale miljøet bidrar til at vi saman klarer å nå måla. Vi finn på sosiale ting utanom jobben, i tillegg til at det blir arrangert både blåtur og julebord årlig. Kvardagen i avdelinga er variert, og byr på spennande og utfordrande oppgaver. I avdelinga er det stort fokus på kompetanse, og ein får tilbud om ulike former for fagutvikling, som lungekurs, overvåkingskompetanseprogram og vidareutdanning i lunge.»
- Anne Bakke