Preanalytisk fagsenter

Korrekt prøvetaking og prøvehandtering før analyse er avgjerande for eit korrekt analyseresultat både når det gjeld prøver til klinisk kjemiske analysar, mikrobiologi, hormon, medisinsk genetikk, transfusjonsmedisin, immunologi og patologi.

Fagsenteret ønsker å bygge opp, samle og gjere fagkompetansen synleg for heile det preanalytiske fagområdet i Laboratorieklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus, for ytterlegare å kunne kvalitetssikre analyseresultat og forbetre pasientsikkerheita.

Vår målsettjing med preanalytisk fagsenter

  • Øke fokus på det preanalytiske fagområdet
  • Promotere det preanalytiske fagområdet
  • Være eit samlings- og kontaktpunkt for preanalytisk fagområde
  • Rådgje innanfor preanalytiske problemstillingar i forskingsprosjekt og biobank
  • Bidra til å målrette forsking innanfor preanalytisk fagområde
  • Etablere og gjennomføre små og store preanalytiske forsking- og kvalitetssikringssprosjekt
  • Tilby rettleiing av studentar på mastergrad- og doktorgradsnivå
  • Tilby kurs og foredrag innanfor emnet

Fagsenteret har eit bredt kontaktnett av fagpersonar som vi kan formidle kontakt med ved behov for råd både innanfor førbuing til prøvetaking, sjølve prøvetakingen, identifikasjon og merking av prøven, prøvetakingsutstyr, prøvebehandling m.m.

Kven er vi

Fagsenteret er samansett av bioingeniørar med lang erfaring og som representerer alle fagområda i Laboratorieklinikken. To av bioingeniørane har forskingskompetanse og har ei PhD grad, og i tillegg har vi tilknytt ein professor i laboratoriemedisin.

  • Marit Sverresdotter Sylte, overbioingeniør/Phd, Laboratorium for klinisk biokjemi
  • Astrid-Mette Husøy, spesialbioingeniør/Phd, Laboratorium for klinisk biokjemi
  • Astrid Torvestad, bioingeniør I, Hormonlaboratoriet
  • Lene Henriksen Holm, spesialbioingeniør, Mikrobiologisk avdeling
  • Kjetil Solland, overbioingeniør, Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin
  • Nina-Marie Namtvedt, seksjonsleder, bioingeniør I, Laboratorium for klinisk biokjemi
  • Hilde Karin Rødningen, spesialbioingeniør, Avdeling for patologi
  • Bjørn J. Bolann, professor, Laboratorium for klinisk biokjemi og Klinisk institutt 2 ved UIB
  • Maren Lohne Sellevoll, bioingeniør, Avdeling for immunologi og transfusjons medisin
  • Tore Skare Lystad, bioingeniør II, Laboratorium for klinisk biokjemi

Kontakt oss

Alle henvendelser: preanalytiskfagsenter@helse-bergen.no