Patologi

Patologi er læra om sjukdommane sine årsaker, utviklingsmekanismar og verknad på funksjonar (patofysiologi) og struktur (patologisk anatomi).

Avdeling for patologi tar hand om diagnostikk, utviklingsarbeid, forsking og utdanning av spesialistar i patologi. Avdelinga er ei av de største patologiavdelingane i landet. Universitetseininga arbeider med forsking og undervising. 

Les meir om Patologi

Patologi

Avdeling for patologi, Gades institutt er knytt til Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.

Fiksering og Transport av Prøvemateriale

Rekvisisjon

Viktig informasjon som må påføres rekvisisjonen:

  • Tidligere histo- eller cytologiske undersøkelser med prøvenummer, år og laboratorium
  • Presisér problemstilling og klinisk diagnose
  • Hva består prøvematerialet av?
  • Hvorfra er prøven(e) tatt?
  • Antall prøver
  • Underskrift

Vurdér bruk av egnet skisse. Ved reseksjoner med svulster og spørsmål om frie render kan det være til stor nytte å retningsorientere biopsiene med sutur eller lignende.

Angi eventuelle ønsker om spesialundersøkelser.

Fiksering av prøvemateriale

I prøveglasset skal det være et forhold på minst 1:10 mellom vev og fikseringsmiddel.
Fikseringsmiddel må være tilstede i stort overskudd for at fikseringen skal bli fullstendig.

Formalin 

4% bufret formaldehyd (= 10% formalin): 

  • Kons. formaldehydoppløsning (”formalin”), 36-40% 100 mL
  • Vann 900 mL
  • Na3PO4 5 g 
  • NaH2PO4 x 2H2O 5 g 
  • Ca 1000 mL

Løsningen har pH ca 7,15, osmotisk aktivitet 1700-1800 mosmol. Den er holdbar i brun flaske i minst 1 år. Oppbevares mørkt og helst i kjøleskap.
Løsningen kan bestilles fra apotek.

McDowell's væske

  • NaH2PO4 x H2O 13,4 g 
  • NaOH 2,7 g
  • Formaldehyd ca 40% 100,0 mL
  • Glutaraldehyd ca 25% 40,0 mL
  • Vann 860,0 mL
  • Ca 1000,0 mL

McDowell's væske kan bestilles ved Avd. for patologi, elektronmikroskopisk laboratorium, telefon 55 97 25 70.

Transport av prøvemateriale

Emballasje for biopsipreparater:

  • Rettvegget glass/plastrør med god åpning og skrukork
  • Beholderen må være sterk, tett og hygienisk og ha plass til rikelig fikseringsmiddel
  • Beholderen merkes med pasientens navn og personnummer
  • Prøvene må ikke klemmes inn i for liten beholder
  • Harde fikserte prøver skal komme lett ut der de kom inn myke og ufikserte
  • Er det flere prøver, merkes beholderne med tall i overensstemmelse med rekvisisjonen. Én prøve i hver beholder.

Fagområda våre

Autopsi

Obduksjon (autopsi) er ei undersøking av ein avdød for å fastslå kva sjukdommar vedkommende leid av, og kva som var dødsårsaka.
Oduksjonsverksemda er ein kvalitetskontroll av helsevesenet sin diagnostikk, behandling og pleie. I kvart tilfelle er det eit mål å avklare dei relevante medisinske problemstillingar og spesielle problemstillingar reist av rekvirenten. Verksemda skal bidra til systematisk registrering av sjukdomsforekomst og dødsårsakar. Ein høgast mogeleg obduksjonsrate er derfor ønskeleg. Avdeling for Patologi vil normalt kunne utføre obduksjon i alle tilfelle der det vert rekvirert.

Obduksjon

Obduksjon innebærer utvendig og innvendig undersøking av kroppen etter døden. Hensikten er å etterkontrollere:

  • Kva for sykdommer avdøde leid av
  • Sjukdommens si utbreiing
  • Sjukdommens betydning for helsetilstanden
  • Behandlingen sin effekt
  • Dødsårsaka

Resultatene registrerast i eit nasjonalt dødsårsaksregister.  Målsetjinga er at verksemden skal fungere som etterkontroll og overvåkning av den diagnostiseringa, behandling og pleie som vårt helsevesen til ein kvar tid yter.

Obduksjonar vert delt inn i to grupper; sjukehusobduksjonar og rettsmedisinske obduksjonar.

Sjukehusobduksjonar

Obduksjon av personar som døyr i sjukehus vert kalla sjukehusobduksjon. Det vert utført rundt 300 sykehusobduksjonar per år ved Haukeland universitetssjukehus. Det er alltid to legar som har ansvar for ein obduksjon, ein lege i spesialisering og ein overlege. Ein obduksjon tar omkring 2 timar. Alle ytre skader og forandringar vert skildra. Deretter undersøker ein dei indre organa, inklusiv hjernen, og det vert teken vevsbiter til mikroskopering, samt evt. vevsvæsker til medikamentanalysar, biokjemiske og bakteriologiske prøvar etc.

Det er vel dokumentert både i Noreg og internasjonalt at sjukehusobduksjonar i omlag 10% av tilfella avdekkar viktige sjukdomsforhold som ikkje var kjent før pasienten døde. Obduksjonar vil derfor åpne for fagleg ettertanke og diskusjon, samt avdekke diagnostisk treffsikkerhet og behandlingen sin verknad (kvalitetssikring på individnivå), og slik tene som eit korrektiv til framtidig behandling av pasientar med liknande sjukdomsbilete. Målsetjinga er også at den totale obduksjonsverksemda skal fungere som etterkontroll og overvaking av den diagnostiseringa, behandlinga og pleien som vårt helsevesen til ei kvar tid yter (kvalitetssikring på systemnivå).

Funna vert også kontinuerleg registrert i eit nasjonalt dødsårsaksregister. Ein påliteleg dødsårsaksstatistikk forutset imidlertid at det samla antal obduksjonar er høgt og representerar eit breit og representativt utval av befolkninga. Alarmerande i denne samenhengen er at obduksjonsfrekvensen er synkande; i 1985 vart 20% av alle døde obdusert, medan talet i 2010 var på berre 9%.

Rettsmedisinske obduksjonar

Politi og påtalemakta kan be om rettsmedisinsk obduksjon (sakkyndig likundersøking) i tilfelle der det er uavklart om dødsårsaka var naturleg. Eit dødsfall vert ansett som unaturleg, og skal meldast til politiet dersom det kan skuldast drap, sjølvmord, ulykke eller yrkesskade. For helsepersonell er det viktig å hugse at dødsfall som kan skuldast feil, forsømming eller uhell ved undersøking eller behandling av sjukdom eller skade, rutinemessig skal meldast til næraste politikammer eller lensmannskontor.

Prosedyren

Før obduksjon gjennomgår patologen tilgjengeleg informasjon om det aktuelle tilfellet. Sykejournalen vert lest grundig.

Deretter følger ein utvendig undersøkelse som inkluderar lengde og vekt.  Patologen noterar alle ytre teikn på skade, til dømes operasjonsarr/-sår, blodutredelsar og stikkmerker.

Så følger den innvendige undersøking hvor en patolog undersøker dei indre organa ved inspeksjon, palpasjon og disseksjon. Representative vevsprøvar vert teken frå alle område der det er mistanke om sjukdom. Om situasjonen krever det kan ein også ta prøvar av blod og urin som sendast til biokjemisk eller rettstoksikologisk undersøking.

Eit foreløpig svar vert utarbeida basert på makroskopiske funn.

Vevsprøvane som er teken ut følger så framførings- og fargeprosedyren til biopsiar, sjå prøvens gang. Deretter undersøkast vevsprøvene mikroskopisk.

Obduksjonsfunna oppsummerast i ein skriftleg rapport som sendast til avdelinga som rekvirerte obduksjon.


Cytologi

Cytologi er læra om cellene. Cellene kan enten skrapast av frå overflata av hud eller slimhud, til dømes celleprøve frå livmorhals, sugast ut med ei tynn nål, til dømes frå ein kul på halsen, bryst eller lunge, eller isolerast frå kroppsvæsker.
Cytologisk seksjon består av eit laboratorium med tre tilsette, og ein screener eining med 10 screenere. Seksjonen tek i mot ca. 42 000 gynekologiske prøvar hvor dei fleste er fra livmorhalsen som ledd i screeningprogrammet mot livmorhalskreft. Vi tek også i mot ca. 5300 punksjoner og væsker i året frå ulike organer og hulrom som lunge, bryst, urin og spinalvæsker.  På laboratoriet vert prøvene registrert, preparert, og cellene vert farga i ein fargemaskin (alt cytologisk materiale preparerest på eit objektglas). Hovedmengden av dei gynekologiske prøvene er no væskebasert, og prepareringen skjer i stor grad automatisert.

Seksjonen har for øvrig ein del instrumenter til bruk for preparering av materiale og analyse, mellom anna  HPV testing.

Fagpersonellet ved seksjonen utgjer i hovedsak bioingeniører med spesial utdanning innan klinisk cytologi. Dei har ansvar for å sjå på prøvene (screene), og gjere ein vurdering av materialet, i samarbeid med ansvarleg lege. Sreenerne er også involvert i andre gjeremål, som hpv testing, poliklinisk verksemd, flowcytometri mm.

Labpersonellet består av ein bioingeniør, ein kjemiingeniør og ein laborant.


 

Histologi

Histologiske prøvar er vevsprøver, og vert også kalla også biopsiar. Desse består av eit vevsstykke frå det organet eller vevet som skal undersøkast. Histologiske prøvar vert fiksert i formalin for å bevare vevet best mogeleg.
På laboratoriet blir det etter ein spesiell prepareringsprosess skjert tynne snitt av vevsprøven. Desse vert lagt på objektglas. Vevsprøvane undersøkast i lysmikroskop etter at snitta har blitt farga.

I tillegg til makroskopi (undersøking med berre auge og fingrar) og lysmikroskopi av histologisk og cytologisk prøvemateriale vert det i mange tilfelle nytta supplerande teknikkar. Elektronmikroskopi vert nytta i tilfelle der informasjon om ultrastrukturelle forhold er nødvendig.

Immunhistokjemiske (immuncytokjemiske) undersøkingar av cellulære genprodukt er ein sentral teknikk som no blir brukt i stor skala. Molekylærbiologiske genanalyser er allerede tatt i bruk ved avdelinga ved visse problemstillingar, men ventast etterkvart å bli mykje brukt.

Volum og prøvetypar

Biopsiseksjonen ved Haukeland Universitetssykehus mottar årleg i overkant av 34.000 vevsprøvar til undersøking, og er det største offentlege biopsilaboratorium i landet.

Dei fleste biopsiane er diagnostiske prøvar tekne som eit viktig ledd i utgreiing av pasientar for eit breidt spekter av sjukdomstilstandar.

Fleire av problemstillingane dreiar seg om primærdiagnostikk av kreftsjukdommar, men omfattar ellers dei fleste sjukdomstilstandane innan samtlege kliniske spesialitetar.

Ein annan type av prøvar er store operasjonspreparat for kartlegging av sjukdomsutbreiing og stadium der diagnosen er kjent frå tidlegere utredning med biopsi/cytologi.

I tillegg til biopsiar frå pasientar, mottar laboratoriet vev til histologisk undersøking frå avdelingen sin obduksjonsseksjon


Molekylærpatologi

Ved laboratoriet for molekylærpatologi nyttar vi arvestoffbaserte teknikkar, altså analysar av DNA og RNA, for å diagnostisere sjukdom.
Små mengder arvestoff vert isolert frå vevsprøver som er innsende til Avdeling for patologi. Ved hjelp av teknikken PCR kopierer vi opp det området av DNA-molekylet som er interessant, og deretter vert dette undersøkt for genfeil  (mutasjonar). For å synleggjere mutasjonane nyttar vi metodar som gel-elektroforese, sanntids-PCR og DNA-sekvensering.

Arbeidet ved laboratoriet vårt er i første rekke knytta til kreftdiagnostikk. Prøvesvara kan seie noko om pasienten har kreft eller ein godarta tilstand, kva for type kreft pasienten eventuelt har, og kva for behandling han/ho i så fall bør få. Ikkje minst har det dei siste åra vore ein stor auke i analysar som bestemmer bruken av nye, målretta medikament i behandlinga av visse typar svulstar.

I 2014 vart 3134 prøver analysert ved molekylærpatologilaboratoriet, i tillegg til 2786 HPV-analysar fra celleprøver i livmorhalsen.

Digital patologi

Digital patologi gjer samhandling blant fagfolk lettare og gir sikrare diagnose. Tradisjonelt vurderer patologane snitt frå vevsprøver i mikroskopet, men no er det teknisk mogleg å digitalisere mikroskopsnitt med ein digital snittskannar. På denne måten kan ein vurdere snitta frå vevsprøvene på ein PC-skjerm på same måte som i eit mikroskop. Dette gjer det enklare å dele informasjon. For meir informasjon:

Sjå informasjonsfilm frå Nasjonal IKT om digital patologi

Kontakt

Oppmøtestad
Sentralblokka, 1. og 2. et. nord-øst
Telefon
Telefon: 55 97 70 60 / 59, Telefaks: 55 97 31 58
måndag - fredag 08.00-15.00
E-post

Lab-info frå heile Laboratorieklinikken


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.