Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tørka blodplasma
Helse Bergen er tildelt 15 millionar frå Innovasjon Norge til eit prosjekt som skal utvikle teknologi for lokal produksjon av tørka plasma i blodbankane. Dette gir Helse Bergen ei unik moglegheit til å produsere tørka blodplasma som kan bli distribuert til ambulansar, luftambulansen, lokalsjukehus, Forsvaret og kommunehelsetenesta.
For å sikre rask og lik tilgang på blodplasma til alle blødande pasientar, uavhengig av kvar i landet ein bur og i kva nivå av helsetenesta ein blir behandla, må ein ha eit produkt som kan nyttast straks og lagrast i normal romtemperatur slik at dette kan vere tilgjengeleg langt fram i behandlingskjeda. Denne utfordringa kan løysast ved å nytte tørka blodplasma.
Vi har difor, etter marknadsdialog og anbodskonkurranse, funne ein leverandør som skal utvikle instrument til å produsere tørka blodplasma: Norsk Frysetørking AS. Produsenten har lang erfaring med frysetørking av næringsmidlar og dyrefor, og mykje av denne erfaringa kan overførast til tørking av blodplasma.
Tørka blodplasma er ein knapp ressurs, så eigen produksjon er svært viktig for å sikre tilgang lokal og nasjonalt. Produksjon av tørka plasma ved blodbankane i Noreg gir betre utnytting av blodgivarressursar og stabil tilgang på eit livreddande produkt. I tillegg får vi ein fleksibilitet til å tilpasse produksjon til behov ut frå beredskapssituasjonen.
Prosjektet er no i ein utviklingsfase. Norsk Frysetørking AS utviklar, i samarbeid med Helse Bergen og referansegruppa, pilotinstrument og produksjonslinja for tørka blodplasma. For å sikre at det nye produktet møter krav og ønsker frå blodbankar og klinikarar, blir det jamleg gjennomført brukarmøter der endeproduktet blir demonstrert og diskutert.
Blodet si reise frå blodgivning til transfusjon
Bakgrunn
Tidleg transfusjon av blodplasma reduserer dødelegheit ved store blødingar. Nasjonale og internasjonale retningslinjer anbefaler tidleg blodtransfusjon til pasientar med store blødingar. På grunn av lange transportavstandar, vêrutfordringar med risiko for stengde flyplassar og vegar, er Noreg i ei særstilling når det gjeld utfordringar med å sikre lik tilgang på helsetenester og beredskap for handtering av pasientar med livstrugande blødingar. For å kunne følgje medisinske oppmodingar må ein derfor planlegge for tilgang på livreddande blodprodukt i alle ledd av behandlingskjeda, også utanfor sjukehus.
I Noreg vert blodplasma lagra frose og det har avgrensa haldbarheit etter tining. Blodplasma, som blir nytta til behandling av pasientar i Noreg i dag, blir importert og tatt vare på frose i blodbankane. Tining av frose plasma kan ta inntil 45 minutt alt avhengig av kva type plasmatiner som blir nytta. Dette gjer tilgangen på blodplasma vanskeleg utanfor sjukehus.
For å sikre rask og lik tilgang på blodplasma til alle blødande pasientar, uavhengig av kvar i landet ein bur og i kva nivå av helsetenesta ein blir behandla, må ein ha eit produkt som kan nyttast straks og lagrast i romtemperatur slik at dette kan vere tilgjengeleg langt fram i behandlingskjeda. Denne utfordringa kan løysast ved å nytte tørka blodplasma. Dette er eit produkt som finst på marknaden, men med betydelege avgrensingar på tilbodssida.
I dag blir all tørka plasma importert frå eit større sentralisert produksjonsanlegg utanfor Norden. Produktet blir vidare distribuert lokalt, regionalt og nasjonalt til sivile og militære helsetenester, luftambulansehelikopter og til oljerelaterte redningstenester. Ved intensivavdelingar og i akuttmottak i Helse Bergen og andre sjukehus i Noreg er tørka plasma utplassert til bruk i situasjonar der ein ikkje har tid til å vente på at frosen plasma frå blodbankane skal tinast før bruk. Hovudutfordringa med dagens ordning er at etterspurnaden etter tørka plasma er svært høg internasjonalt. Dette gjer at vi fleire gonger har opplevd leveringsproblem av produktet. Det å vere avhengig av import av eit så viktig produkt for pasientbehandling gjer oss sårbare og utgjer ein risiko for manglande beredskap for handtering av auka behov (som ved større hendingar som terroranslag, naturkatastrofar og krig) eller redusert tilgang (som ved pandemiar).
Noreg har tilstrekkeleg tal blodgivarar til å vere sjølvforsynt med blodplasma, og blodbankane har den infrastrukturen som trengst for å kunne utføra dette arbeidet. Eigenproduksjon av tørka blodplasma er ikkje utfordrande med tanke på areal, eller ressursskrevjande med tanke på tidsbruk eller personell. Det einaste som manglar er teknologien som blir kravd for produksjon av tørka blodplasma i blodbankane.
Tidslinje blodplasma
Målsetting
For å sikre tilgang på og for å bli sjølvforsynt med tørka blodplasma ønsker Helse Bergen å etablere teknologi for eigen produksjon av tørka blodplasma. Målet er å dekke etterspurnad og beredskap av tørka blodplasma ved alle sjukehus, i kommunehelsetenesta, i ambulansetenesta, ved militære operasjonar og redningstenester. Målet blir oppnådd ved at det, i samarbeid med Norsk Frysetørking AS, blir utvikla ei teknologisk plattform for lokal produksjon av tørka blodplasma tilpassa norske forhold og organisering av blodbanktenesta.
Helse Bergen er tildelt 15 millionar kroner frå Innovasjon Norge til innovasjonspartnarskapsprosjekt som skal utvikle teknologi for lokal produksjon av tørka plasma i blodbankane. Innovasjonspartnarskap er offentleg-private partnarskap der norske kommunar og etatar går saman med næringslivet for å saman utvikle heilt nye løysingar på utfordringar i samfunnet i dag og i framtida. Av dei tildelte midla skal 13,5 millionar gå til leverandøren av den teknologien som skal produserast. Innovasjonsprosessen tar utgangspunkt i eit uløyst behov og skal ende i kjøp og implementering av heilt nye produkt og løysingar. Innkjøpsprosedyren kombinerer derfor utviklingsfasen og det seinare kjøpet i éi og same utlysing.
Helse Bergen har gjennomført dialog med interessentar i marknaden som ønsker å delta i utvikling av system for tørking av blodplasma brukt til behandling av pasientar med livstruande bløding. Vi fekk innspel frå næringslivet om forslag til løysingar og interesse for samarbeid om ei slik løysing – både med enkeltleverandørar eller gjennom samarbeid mellom fleire leverandørar. Målsetting med marknadsdialogen har vore å få avklart om potensielle leverandørar har forstått behovet vårt, og ser moglegheitsrommet for løysingar og eventuelle utfordringar i prosjektet. Innspel frå marknaden på dialogkonferansen blir grunnlaget for utarbeidinga av konkurransegrunnlaget med endeleg behovsskildring, målsetting og funksjonelle krav.
Målgruppe: Potensielle leverandørar av innovative løysingar som kan bidra til å løyse utfordringa med å produsere tørka blodplasma. Dette inkluderer utviklarar av teknologi for tørking av blodplasma, produsentar av emballasje, utviklarar av IT-løysingar og designkompetanse.
Fire leverandørar kom med tilbod, og det norske firmaet Norsk Frysetørking AS vann konkurransen.
Følgjeverksamheiter er andre offentleg aktørar med same behov som Helse Bergen. Desse kan bli ein del av konkurransen og sikre seg kjøpsopsjon på ferdig utvikla gjennom avtale om Innovasjonspartnarskap.
Det er i alt ti følgjeverksamheiter i dette prosjektet.
Referansegruppa skal fungere som eit rådgivande organ for innovasjonsprosessen og eit forum for diskusjonar og innspel på strategisk nivå. Referansegruppa skal sikre god forankring i helseføretaka. Først og fremst skal gruppa gi råd til brukaraspektet av teknologien sett frå blodbank og klinisk ståstad for å sikra best mogleg funksjonalitet og kvalitet i utviklinga.
Deltakarane i referansegruppa består av representantar frå følgjeverksamheitene, endebrukarar og internasjonale samarbeidspartnarar.
Torunn Oveland Apelseth
Leiar, Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap (Nokblod) Seksjonsoverlege, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland universitetssjukehus
Haukeland skal sikre at blodbankane i Noreg kan produsere eigen tørka blodplasma
No skal blodbankane i Noreg få tilbod om ei løysing for betre tilgang på eit livreddande produkt. Haukeland universitetssjukehus og Norsk Frysetørking AS inngår samarbeid om å utvikle teknologi som kan gjere det mogleg å produsere tørka blodplasma.