HELSENORGE

Norsk koordineringssenter for blodberedskap sentral i etableringa av vandrande blodbank lengst nord i verda

Helseministeren var med da det vart gjennomført sertifiseringsøvelse av vandrande blodbank ved Longyearbyen Sjukehus på Svalbard. 

Norsk koordineringssenter for blodberedskap (NoKBlod) er eit nasjonalt senter som arbeidar for å betre blodberedskapen i Noreg. Senteret er lagt til Helse Bergen, men har ansatte frå alle helseregionar og frå Forsvaret. NoKBlod driv med rådgiving, kurs og opplæring, og ulike forskings- og innovasjonsprosjekt knytt til beredskap og bruk av blod til behandling av pasientar med livstruande blødningar.  ​

NoKBlod er fagleg prosjektansvarleg for Prosjekt Blodberedskap, pilot Finnmark. Prosjektet er eid og blir drifta av Helse Nord RHF etter oppdrag frå Helse- og Omsorgsdepartementet. Målet med Prosjektet Blodberedskap er å sikre lokal blodberedskap for befolkninga i heile landet, også på Svalbard, og i kommunar langt frå næraste sjukehus.  
Fire personer står rundt en pasient som får blodoverføring.

Helseminister Ingvild Kjerkol var til stades da det vart gjennomført sertifiseringsøvelse ved sjukehuset i Longyearbyen.​

Helseminister med på øvelse ved Longyearbyen sjukehus 

Tirsdag 25 april var Helseminister Ingvild Kjerkol og Departementsråd i Helse- og Omsorgsdepartementet, Catrine M Lofthus, til stades ved gjennomføringa av sertifiseringsøvelse ved Longyearbyen Sjukehus. Etter gjennomført kurs og øvingar er den vandrande blodbanken etablert på Svalbard, som den einaste i verda så langt nord.  Dette er også den tredje vandrande blodbanken etablert i landet. Tidligare har Berlevåg kommune og Alta kommune etablert sine vandrande blodbankar knytta til kommunehelsetenesta. Ytterlegare to kommuner i Finnmark skal bli sertifisert innan hausten 2023. 

Blodbank der pasientane er 

Tidleg blodtransfusjon er livreddande for pasientar med alvorlege blødningar. Men på Svalbard og i fleire av våre kommunar kan transport av pasientar til sjukehus ta lang tid eller bli forseinka av dårleg ver. Difor er det eit ynskje å etablera systemer som gjør at ein kan starte blodtransfusjon der pasientane er. Dette kan ein gjere ved å etablera ein vandrande blodbank. 

I en vandrande blodbank blir fullblod tappa frå forhåndsgodkjende nødblodgivare som ein gir direkte til pasienten for å redda liv. NoKBlod gir opplæring til personell som skal tappa og transfundera blod, og bistår med etableringa av nødblodgivarkorps.  ​