Prøvetaking luftvegsprøvar

Her er omtale av rett prøvetaking av luftvegsprøvar som skal til agenspåvisning av virus som gjer luftvegsinfeksjonar (nukleinsyrediagnostikk og eventuelt dyrkning) samt for nukleinsyrediagnostikk (PCR) av Mycoplasma pneumoniae, Chlamydophila pneumoniae og Bordetella pertussis / parapertussis.

​​​Nasopharynksprøvar

Anbefalt prøvetakingsmetode: Det er viktig å få med epitélceller frå nasofarynks (ca. 8 cm inn frå naseopning på voksen person). 

 
Bruk tynn pensel, denne bør ikkje ha bomullstupp eller treskaft da dette reduserer sensitiviteten av analysen.
  • Penselen skal førast inn langs botnen av nasegangen. Roterast så fleire gonger når tuppen er i nasofarynks.
  • Penselen bør ha kontakt med slimhinna i minimum 5 sekunder.
  • Penselen overførast til røyr med egna transportmedium, skaftet knekkast/klippast av.


Hals / svelgprøve

Prøvematerialet bør innehalde epitélceller frå slimhinne. Bruk pensel som ikkje har bomullstupp eller treskaft. Før pensel over tonsillar, ganebue og bakre svelgvegg. Pensel bør ikkje kome borti tunga.
  • Penselen overførast til røyr med egna transportmedium, skaftet knekkast / klippast av.​


Nasofarynksaspirat

Godt eigna prøvemateriale frå små born når prøven blir tatt av trena personale.

  • Jordmorsug førast gjennom nasebor til nasofarynks (ca 4-5 cm inn frå naseopning hos små born). Aspirer mens suget trekkast langsomt ut. Ettersug med 2 ml virustransportmedium. Overførast så til prøverøyr.


Bronkialskyllevæske​

Sendast i sterilt prøverøyr tilsatt virus transportmedium.

 

Bronkial børsteprøve

Overførast til virustransportmedium. Skaftet knekkast/klippast av.


Ekspektorat

Sendast i sterilt prøverøyr tilsatt virus transportmedium. Berre aktuelt ved mistanke om nedre luftvegsinfeksjon. 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.