HELSENORGE

Akkreditering

Mikrobiologisk avdeling er akkreditert av Norsk Akkreditering.

​Akkreditering innebærer at avdelinga sine produkt og tenester må oppfylle definerte krav til kvalitet og det må være eit system for å overvake og dokumentere at krava blir tilfredsstilte. 

ISO-standarden er spesielt tilpassa medisinske laboratorium og omfattar heile prøveprosessen frå rekvirering, prøvetaking, prøvehandtering, analysering til svarrapportering, rådgiving og tolking.  Det blir også sett spesifikke krav til intern kvalitetskontroll og deltaking i ekstern kvalitetsvurdering.​ 


Norsk akkreditering_131x204.jpg

Akkrediteringsbeviset vårt (pdf)

Akkrediteringsomfang for TEST 290

Norsk akkreditering

Analysering av SARS-CoV-2 og influensa A/B:  Mikrobiologisk avdeling (MIA) vil tidevis analysere prøvar på instrument lokalisert utanfor MIA sine lokalar for analysering av PCR-prøvar for SARS-CoV-2 og influensa A/B. Prøvar analysert på instrument utanfor avdelinga vil ikkje vere akkrediterte. Det vil komme fram på svarbrevet om testen er akkreditert eller ikkje. Prøvesvar og analysekvalitet skil seg ikkje frå akkrediterte SARS-CoV-2 og influensa A/B analysar.​  

Mikrobiologisk avdeling

Fann du det du leita etter?