Kurs og undervisning

Vi tilbyr kurs og undervisning for både pasientar og helsepersonell.

Familie plassert i familietre. Illustrasjon


Pasientkurs

Vi tilbyr i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret (LMS) pasientkurs for kvinner med påvist genfeil i BRCA1/2 og for pasientar med Lynch-syndrom. Kursa blir gjennomført både i Bergen og i Stavanger.

Er du interessert i å delta på eit slikt kurs, ta kontakt med avdelinga for meir informasjon.

Helsepersonell

Deling av kunnskap og kompetanse er ei av kjerneoppgåvene til RKAK. Vi driv utstrakt formidling av informasjon og kunnskap, på alt frå avdelingsmøter til internasjonale faglege møter. Vi underviser på ulike helsefaglege studieretningar og har studentar i praksis ved avdelinga.

Ta kontakt per e-post rkak@helse-bergen.no eller telefon ved interesse for undervisning på din arbeidsstad. 

Fann du det du leita etter?