Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arveleg kreft

I dei aller fleste tilfelle rammar kreftsjukdom tilfeldig, kun i sjeldne tilfelle er kreft arveleg. Ved arveleg kreft har ein ein medfødd genfeil som gir auka risiko for nokre typar kreftsjukdom.

Kvinne og modeller av celle, kromosom, gen og DNA. Illustrasjon
 

Dei mest vanlege arvelege krefttypane er bryst-, eggstokk- og tarmkreft. I familiar med arveleg kreft, er det ofte fleire i familien som får same type kreftsjukdom, og sjukdommen debuterer gjerne i yngre alder enn i familiar utan arveleg kreft.

Korleis arvar ein genfeil?

Vi har to kopiar av alle genane i kroppen vår. Eit foster arvar ein kopi av alle gena frå far og ein kopi av alle gena frå mor. Kva for ein av dei to kopiane fosteret arvar er heilt tilfeldig. Vi har ei rekkje gen som skal beskytte mot kreftsjukdom, for eksempel BRCA1, BRCA2, MLH1, MSH2, MSH6 og PMS2.

Dersom ein arvar ein «skada» kopi, altså ein mutasjon på eitt av desse gena, vil ikkje genet vere like godt rusta til å beskytte kroppen mot kreft som dersom ein arvar to uskadde kopiar. Ein slik arvegang, der det å arve éin mutasjon i eitt gen er nok for å utvikle sykdom, kalles autosomal dominant arvegang.

Sjå film om arveleg bryst- og eggstokkreft

Ved autosomal recessiv arvegang, arvar ein ein kopi med mutasjon frå både mor og far, slik at begge kopiane er skadd. Dette er sjeldan ved arveleg kreft. I mange familiar ser vi ei opphoping av kreft, utan at det blir påvist genfeil. I slike tilfelle bruker vi ordet familiær kreft.

Ved arveleg kreft er det altså ein auka sårbarheit for å utvikle kreft som arvast. Ikkje alle som arvar ein genfeil vil utvikle kreftsjukdom.

Sist oppdatert 07.06.2023