Den første delen av dagen var sett av til registerspesifikt program, og starta med ein presentasjon av årsrapporten for 2017, følgt av utdeling av SOReg-prisen. Prisen er meint som ei påskjønning til sjukehus som gjer ein god jobb med registreringane, og kriteria for tildelinga vil endre seg litt frå år til år. I 2019 gjekk SOReg-prisen til det sjukehuset som hadde høgast del kontrollerte pasientar innan normtid eit år postoperativt. Her var det skarp konkurranse i toppsjiktet! Nordlandssjukehuset vant med 92,9% kontrollerte og ferdigstilte skjema innan normtid. Vi gratulerer!
Den registerspesifikke delen av programmet fortsette med gjennomgang av vanlege spørsmål ved registreringane, deretter litt om kvalitetsforbetringsprosjektet for å auke tal pasientar som får kontroll innan normtid etter 1 og 2 år.
Etter lunsj var det tid for fagleg program, med litt endringar i siste liten. Dr. Manisha Sharma vart forhindra frå å kome og vi fekk difor foredraget hennar om vitamin- og mineral ved hjelp av powerpoint med lydopptak. Dessverre var dette tidvis vanskeleg å høyre, og der var også utfordringar med å forstå hennar indiske aksent. Ein del spørsmål vart oppklart etter føredraget.
Her er foredragene:
Dr. Manisha Sharma part 1Dr. Manisha Sharma part 2
Villy Våge heldt så eit lite innlegg om nye spørsmål som kjem i SOReg. Mellom anna vil det bli lagt inn eit avsnitt om gastroskopi-funn. Dette vil bli lagt på operasjonsskjemaet og på årskontrollane.
Til slutt heldt overlege Sindre Grindheim frå Kvinneklinikken i Bergen eit innlegg om svangerskap etter fedmekirurgi.