Fagråd
Fagrådet si viktigaste oppgåve er å sikre høg fagleg kvalitet i registeret. Fagrådet skal ta strategiske val knytt til kvalitetssikring og vidareutvikling, utarbeide retningsliner for bruk av opplysingar i registeret, og behandle førespurnader om utlevering av data.
Vidare skal fagrådet godkjenne årsrapportar og tilsvarande faglege dokument, føreslå endringar av vedtekter, definere forskingsspørsmål, følgje opp fagutvikling og sørge for at registeret blir nytta til klinisk kvalitetsforbetringsarbeid. Rådet skal òg vere rådgjevar for dagleg leiar.
I fagrådet er kvart regionalt helseføretak, private aktørar, Norsk foreining for gastrointestinal kirurgi, Norsk foreining for fedmekirurgi, og Landsforeininga for overvektige representert.
- Tom Mala, Helse Sør-Øst, leiar
- Torunn Kristin Nestvold, Helse Nord
- Jorunn Sandvik, Helse Midt
- Jonas Nedkvitne, Helse Vest
- Christian Lyckander, Private sjukehus
- Ghous Gondal, Norsk foreining for gastrokirurgi (NFGK)
- Jon Kristinsson, Norsk foreining for fedmekirurgi (NFFK)
- Eva Aarskog, Landsforeininga for overvektige (LFO)
- Villy Våge, registerleiar (møterett, ikkje stemmerett)
Sist oppdatert 30.11.2023