Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

For deg som skal bli operert

På ditt samtykke vert det lagt inn opplysningar frå forundersøkingane til operasjonen, detaljar frå sjølve operasjonen, og frå oppfølging etter 6 veker, 1 år, 2 år, 5 år og eventuelt 10 år. Eksempel på opplysningar er alder, vekt, fedmerelatert sjukdom som diabetes og høgt blodtrykk, operasjonsmetode og komplikasjonar.

Alle opplysningar om deg blir handsama med same krav til teieplikt og tryggleik som journalen din på sjukehuset. Dei opplysningane som kan identifisere deg blir berre nytta til kvalitetsforbetring. Ved analysar og samanlikningar på nasjonalt nivå vert personopplysningane fjerna. I tilfelle der opplysningar blir brukte til forsking blir dei anonymiserte.

Sist oppdatert 30.11.2023