Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nutrition Intervention Biobank (NIB)

Vi ønskar ny kunnskap om samanhengen mellom kva du et og kva som skjer i kroppen din etter at du har ete ulike typar mat.

Forskarar ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen har i samarbeid oppretta ein generell forskingsbiobank for innsamling og lagring av biologisk materiale til dette føremålet. 

Laboratorieteknologi og forskingsmetodar er heile tida i utvikling, og ny kunnskap leier til nye forskingsspørsmål. Difor er det viktig å ta vare på det biologisk materiale vi samlar inn slik at det kan nyttast seinare.

I tillegg til laboratorieundersøkingar vil vi i nokre tilfelle samle inn opplysningar om deg frå undersøkingar gjort på sjukehuset. Det er frivillig å medverka, og for å kunna gjera denne forskinga er ein avhengig av at deltakarane gjer sitt samtykke.

Vi er takksame for at du medverkar til biobanken og ny kunnskap for framtida.

Nokre av prosjekta knytt til biobanken

I samband med prosjekta "Sunn og frisk" og "Ung og frisk" er du invitert til å medverka til biobanken. Vi ønskjer å sjå om inntak av fisk kan påverka helsetilstanden i overvektige, med særleg vekt på endringar i blodfett, sukkertoleranse og betennelsar. Overvektige har ofte meir fett i blodet, dårleg toleranse for sukker og kroniske betennelsar enn det vi ser hos slanke, og vi trur at eit auka inntak av feit eller mager fisk kan vere gunstig for vaksne og barn med overvekt. Desse prosjekta kan gje oss betre forståing av kva som skjer i kroppen når overvektige et fisk.  Dette prosjektet er og ein del av forskingssatsinga kalla Fish Intervention Studies (FINS).

I samband med forskingsprosjektet «Helseeffektar av fisk- eller kjøtinntak hos eldre med hoftebrot» er du invitert til å medverka til biobanken. Målet med dette forskingsprosjektet er å sjå korleis muskelsvinn (sarcopeni) og evna til å røre på seg vert påverka av fisk- eller kjøtinntak etter eit hoftebrot. Vi håpar at denne forskinga kan gi ny kunnskap om korleis maten du et verkar inn på tap av musklar. Tap av musklar er ein naturleg del av det å aldrast, og vert ofte også særleg påverka ved eit hoftebrot. Dette prosjektet er ein del av ei større forskingssatsing kalla Fish Intervention Studies (FINS).

Prosjektet er avslutta.

For meir informasjon

Ta gjerne kontakt med Oddrun Gudbrandsen:  oddrun.gudbrandsen@k1.uib.no

Sist oppdatert 06.09.2024