Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

A - Blodprøvetaking

Beskriving av retningslinjer og prosedyrer for blodprøvetaking til bruk for helsepersonell som utfører blodprøvetaking.

Blodprøvetaking

Venepunksjon / venøs prøvetaking

Venepunksjonen bør utførast så raskt, hygienisk og smertefritt som mogleg. Venane i olbogeregionen er best eigna til blodprøvetaking. Plasser stasebandet om lag 10 cm ovanfor den planlagde punksjonsstaden. Stasen bør vere på så kort som mogleg, mindre enn 1 minutt. Unngå kombinasjonen av stase og knyting av handa.

Smertestillende krem/plaster kan nyttast på barn over tre månader. Bedøving​ må påførast i god tid før prøvetakinga, helst ein time. Må takast av 15 minuttar før prøvetaking gjennomførast. 

Fagprosedyrer for venøs prøvetaking ligger tilgjengelig på Helse Bergen sine hjemmesider: Venøs blodprøvetaking​

Kapillær prøvetaking  

Kapillær prøvetaking blir nytta når venepunksjon er umogleg eller svært vanskeleg å gjennomføre. Kapillær prøvetaking blir òg brukt til syrebase/blodgass og ved pasientnær testing.

Kapillær prøvetaking bør ikkje gjennomførast på pasientar med redusert perifer sirkulasjon (sjokk, lågt blodtrykk, hyperosmolær hyperglykemi og alvorleg dehydrering).

Kapillær prøvetaking skal utførast i fingeren hos vaksne og større barn, mens hælen skal nyttast på barn <3 månader. Det er viktig med god sirkulasjon før prøvetaking. Blodsirkulasjonen kan aukast ved å varme opp stikkstaden før prøvetaking. 

Fagprosedyrer for kappilær prøvetaking ligger tilgjengelig på Helse Bergen sine hjemmesider: Kapillær blodprøvetaking​

 

Handbok prøvetaking

Sjå på Analyseoversikten.no for ytterligare informasjon om ulike analysar og forhåndsreglar.

Les meir om hvor du kan ta blodprøver og våre opningstider

 
Sist oppdatert 14.08.2024