Prøvebehandling
Hovedtyngda av laboratoriekomponentane blir analysert i serum, men nokre komponentar krev plasma eller fullblod. For å framstille serum og plasma må prøvetakingsrøyra sentrifugerast.
Serum og plasma skal som hovudregel* separerast frå blodcellene innan to timar etter prøvetaking.
*Nokre komponentar krev spesialbehandling. For meir informasjon sjå Analyseoversikten.no for enkeltkomponentar
Serum
- Prøvetakingsrøyra skal stå og koagulere. Vanleg koagulasjonstid er 30-60 minutt, men nokre komponentar krev spesialbehandling. Sjå Analyseoversikten.no
- Sentrifugering: Følg anbefalingar og retningslinjer frå røyrprodusent og laboratorium for riktig sentrifugeinnstilling. Sjå også informasjon om sentrifugefart.
- Etter sentrifugering:
- Serumrøyr med gel: Hugs å kontrollere at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og serum. Prøvetakingsrøyret sendast til laboratoriet. Nokre komponentar krev spesialbehandling. Sjå Analyseoversikten.no
- Serumrøyr utan gel: Serum skal overførast til eit transportrøyr like etter sentrifugering. Pass på at blodlekamane ikkje blir overførte til det nye røyret.
- Unngå resentrifugering.
Plasma
-
Prøvetakingsrøyr tilsett antikoagulasjonsmiddel (EDTA, heparin, citrat) for framstilling av plasma kan sentrifugerast like etter prøvetaking.
- Sentrifugering: Følg anbefalingar og retningslinjer frå røyrprodusent og laboratorium for riktig sentrifugeinnstilling. Sjå også informasjon om sentrifugefart.
- Etter sentrifugering:
- Gelrøyr: Hugs å kontrollere at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og plasma. Prøvetakingsrøyret sendast til laboratoriet.
- Røyr utan gel: Plasma overførast til eit transportrøyr like etter sentrifugering. Pass på at blodlekamane ikkje blir overført til det nye røyret. Merk røyret med riktig type plasma (EDTA-plasma, citrat-plasma, heparinplasma).
Haldbarheit
Alt prøvemateriale har avgrensa haldbarheit. Sjå Analyseoversikten.no.
Merking og sending av prøvar
- Prøvematerialet skal merkjast, emballerast og transporterast forsvarleg til laboratoriet etter gjeldande retningslinjer.
- Prøvar som ikkje tilfredsstiller krava til pasientidentifikasjon og merking, oppbevaring eller haldbarheit, blir avviste av laboratoriet.
- Ver merksam ved sending over helg.
Sist oppdatert 20.02.2025