Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Standard lipidprofil og kardiovaskulær risikovurdering

Ved vurdering av lipidprofilen er det viktig å hugsa at referanseområdet ikkje fortel noko om kva som er eit ynskjeleg lipidnivå, sjå utdjupande forklaring under. Med andre ord kan eit lipidresultat som ligg i referanseområdet likevel tyde på auka risiko for kardiovaskulær sjukdom. Dette gjeld alle analysane som inngår i standard lipidprofil: totalkolesterol, LDL- og HDL-kolesterol og triglyserid. Dersom pasienten har lipidverdiar som vist i tabellen under, bør det utførast ei total risikovurdering

Kolesteroltabell
​Totalkolesterol​

​≥5 mmol/L
​LDL-kolesterol
​≥3 mmol/L
​HDL-kolesterol
≤1 mmol/L (menn)
≤1,2 mmol/L (kvinner)

​Triglyserid
≥1,7 mmol/L (fastande)
≥2 mmol/L (ikkje-fastande)

Treng pasienten faste før prøvetaking?

Nei. Standard lipidprofil kan målast i ikkje-fastande prøve, men hvis triglyseridnivået er ≥4,5mmol/L bør dette kontrollerast i fastande prøve. Triglyseridnivået i ikkje-fastande prøver ligg i gjennomsnitt 0,3 mmol/L høgare enn i fastande prøver.

Kva er behandlingsmål for LDL-kolesterol?

Det er for augeblikket forskjell på norske og europeiske retningslinjer for førebygging av hjarte- og karsjukdom. I norske retningslinjer er rettleiande behandlingsmål som følgjer:
- Primærførebygging (ved låg risiko): 30-40% reduksjon eller til under 3,0 mmol/L
- Primærførebygging ved diabetes (eller moderat/høg risiko): <2,5 mmol/L
- Sekundærførebygging ved etablert hjarte- og karsjukdom: <1,8 mmol/L
Nye, europeiske retningslinjer har lågare behandlingsmål, sjå denne lenka.​

Kva andre lipidanalys​ar kan vera aktuelle?

I enkelte tilfelle er det aktuelt å analysere andre lipidanalyser i tillegg til standard lipidprofil.
Apolipoprotein B (ApoB) er det primære apolipoproteinet i LDL, IDL og VLDL (lipoprotein med respektive låg, intermediær og svært låg tettleik). ApoB kan ifølgje norske retningslinjer gje tilleggsinformasjon ved metabolsk syndrom med normalt LDL-kolesterolnivå og ved mistanke om familiær kombinert hyperlipidemi. I europeiske retningslinjer er det anbefalt å analysere ApoB ved diabetes mellitus, overvekt, metabolsk syndrom, høgt triglyseridnivå (2–​10 mmol/L) eller ved svært låge LDL-kolesterolnivå, sidan LDL-kolesterolnivået i desse tilfella kan underestimere risikoen for hjarte- og karsjukdom. Lipoprotein(a) er eit LDL-liknande lipoprotein som gjev ein tilleggsrisiko for hjarte- og karsjukdom. Lp(a)-konsentrasjonen er i stor grad genetisk bestemt og dermed svært arveleg. EAS/ESC-retningslinjene anbefaler å få målt Lp(a) minst ein gong i løpet av livet for å identifisere personar med veldig høge arvelege Lp(a)-nivå, sidan dei har svært høg risiko for å utvikle kardiovaskulær sjukdom. Dette er ikkje anbefalt i norske retningslinjer, men måling av Lp(a) bør som eit minimum vurderast ved førekomst av prematur hjerte- og karsjukdom i nær familie (før 55 års alder hos menn og før 65 års alder hos kvinner).

​​​Når skal pasienten utgreiast for familiær hyperkolesterolemi?

​​Gentest bør vurderes dersom LDL-kolesterol og/eller total-kolesterol er over aksjonsgrensene: LDL-kolesterol: > 5 mmol/L hos vaksne (alder >16 år) eller > 4 mmol/L hos barn (0-16 år) Total-kolesterol: ≥ 6 mmol/L (alder <20 år), ≥ 7 mmol/L (20-40 år) eller ≥ 8 mmol/L (>40 år) Gentest vert utført på OUS-Ullevål: Rekvisisjon til gentesting for familiær hyperkolesterolemi. 

Kvifor fortel ikkje referanseområdet om eit optim​​alt nivå? 

Referanseområdet er deskriptivt og fortel kva måleresultat ein forventar å finne i ein normalpopulasjon. Meir spesifikt er referanseområdet vanlegvis dei sentrale 95% av måleresultata funne hos eit utval antatt friske personar. Sidan mange antatt friske likevel kan ha auka risiko for kardiovaskulær sjukdom, gjev ikkje referanseområda informasjon om kva som er optimale eller trygge lipidnivå. ​

Referansar:
https://academic.oup.com/eurheartj/article
2019 ESC/EAS Guidelines for the management of dyslipidaemias: lipid modification to
reduce cardiovascular risk
 
Joint EAS-EFLM Consensus Paper on the use of non-fasting lipid profile​s
Helsedirektoratets retningslinjer for forebygging av hjerte-og karsykdom
Sist oppdatert 26.05.2023