Myelomatose

Hovudindikasjonane for serum-proteinelektroforese og serum-frie lette kjeder er påvising og klassifisering av monoklonale komponentar (M-komponent) og kontroll av kjent M-komponent ved plasmacellesjukdommar.

Sjå også:


Plasmacellesjukdommar

Plasmacellesjukdommar er kjenneteikna av klonale plasmaceller som (vanlegvis) produserer monoklonale immunglobulin eller monoklonale frie lette kjeder. Slike M-komponentar kan førekome ved til dømes

  • MGUS
  • Asymptomatisk (eng. smoldering) myelomatose
  • Myelomatose
  • Lettkjede-myelomatose (lettkjedesjukdom)
  • Plasmacelleleukemi
  • Morbus Waldenström
  • Plasmacytom
  • POEMS
  • Amyloid lettkjede-amyloidose
  • Kryoglobulinemi

Utgreiing av M-komponent

Ved biokjemisk utgreiing av mogleg M-komponent vil laboratoriet utføre serum-proteinelektroforese (med ev. kvantitering av M-komponent) og analysere serum-immunglobulin (IgG, IgM og IgA) og serum-frie lette kjeder (kappa, lambda og kappa/lambda-ratio). Urin-proteinelektroforese blir utført dersom det er sendt inn urin, men er vanlegvis ikkje nødvendig.

Svært avvikande kappa/lambda-ratio tyder på monoklonale frie lette kjeder. For klassifisering av monoklonalt immunglobulin blir det utført immuntyping og eventuelt immunfiksering. Dette er det vanlegvis ikkje nødvendig å gjenta, sidan den monoklonale komponenten sjeldan endrar klasse eller lettkjedetype i løpet av sjukdomsutviklinga.

Kontroll av M-komponent

Føremålet med kontroll av ein kjent M-komponent er å undersøke om den aukar som følgje av sjukdomsprogresjon, blir redusert som respons på terapi eller held seg uendra. Hovudregelen er å følgja ein kvantiterbar komponent. I praksis betyr det anten serum-proteinelektroforese eller serum-frie lette kjeder, men urin blir undersøkt dersom mottatt. Ved spørsmål om komplett remisjon blir det utført immunfiksering.

OBS: Dersom pasienten blir behandla med terapeutiske monoklonale antistoff, som til dømes daratumumab (IgG kappa), kan desse vise seg som små toppar ved serum-proteinelektroforese.


Fann du det du leita etter?