Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Målefeil og samanlikning av prøvesvar

Når me skal vurdere eit prøvesvar eller samanlikne to eller fleire prøvesvar, må me ta omsyn til at alle prøvesvar er usikre. Både tilfeldig biologisk variasjon, preanalytiske faktorar og analytiske variasjon bidrar til måleusikkerheita.

​Forskjell mellom to prøvesvar

Det vil ofte vere eit viktig spørsmål kor stor forskjellen mellom to prøvesvar må vere før det er ein sikker reell endring hos pasienten. Dersom vi i slike tilfelle føreset at den systematiske målefeilen er konstant, må vi ta omsyn til både den tilfeldige målefeilen og den intraindividuelle biologiske variasjonen. Ut frå dette kan vi så kalkulere den totale usikkerheita i prøvesvaret etter formelen CVtotal2 = CVanalytisk2 + CVinnanindividuell biologisk variasjon2.

For at eit analysesvar skal vere signifikant forskjellig frå eit anna, må forskjellen vere meir enn > 2,8 * CVtotal

Døme: Me har målt total-kolesterol til 6,4 mmol/L. Analytisk variasjon er 3% og intraindividuell biologisk variasjon 6%. For å vere ganske sikker på at kolesterolverdien har falt, må den neste verdien vere minst 2,8 * √(32 + 62) % = 19 % lågare enn den første. Det betyr at dersom total-kolesterol neste gong er under 5,2 mmol/L, kan me vere ganske sikre på at fallet i kolesterolverdien er reell.

Dersom fleire målingar viser same tendens, kan ein klare seg med mindre konsentrasjonsendringar for å kunne seie at ei endring er reell.

Meir om målefeil og kvalitetskontroll

Målefeil består av to komponentar, tilfeldig målefeil og systematisk målefeil, som nærare omtalt nedanfor. For å kunne ha oversikt over tilfeldige og systematiske målefeil, blir det brukt kvalitetskontroll. Vi skil mellom intern og ekstern kvalitetskontroll.

Tilfeldig målefeil er spreiing av analyseresultat som ein får ved fleire analyseringar av ein komponent i den same prøven. Resultata vil som oftast vere tilnærma normalfordelte. Spreiinga blir gitt som standarddeviasjonen (SD) eller variasjonskoeffisient (CV = SD/nivå).

Når måleresultat er X er det utvida usikkerheitsområdet X ± 2*SD eller, viss analytisk variasjon er oppgitt som CV, X + 2*X*CV. Til dømes vil eit måleresultat på 100 nmol/L for ein analyse med analytisk CV på 4 % ha eit utvida usikkerheitsområde på 92–108 nmol/L.

Systematisk målefeil er eit systematisk (vedvarande) avvik frå ein sann verdi (fasitverdi). Den kan reknast ut ved å rekne ut gjennomsnittsresultatet av gjentekne målingar av ein komponent i ei prøve og samanlikne den med

den sanne verdien. Ideelt skal analysane ikkje ha systematiske målefeil, men dette viser seg vanskeleg i praksis. Til dømes kan det vera stor skilnad på måleresultata med ulike reagenslott, slik at det i nokre periodar er systematisk høgare (eller lågare) måleresultat enn i andre periodar.

Intern kvalitetskontroll er dei prosedyrar som laboratoriet brukar for kontinuerleg å vurdere analysekvaliteten for å sikre ein akseptabel variasjon i målingane samt å kvantitere denne variasjonen. På grunnlag av resultata frå intern kvalitetskontroll  blir det bestemt om prøveresultat skal godkjennast eller forkastast. 

Ein kan også bruke resultata frå intern kvalitetskontroll for å følgje endringar i systematiske målefeil, men i mindre grad til å seie noko om kor stor den systematiske målefeilen er. Kontrollmaterialet til intern kvalitetskontroll kan enten vere kommersielle "blodprodukt" eller pasientprøver.


Ekstern kvalitetskontroll er ei ordning der resultat på ein komponent i ein blodprøve, analysert på ulike laboratorier, retrospektivt kan samanliknast med kvarandre og (helst) med ein sann verdi (fasitverdi). Formålet med ekstern kvalitetskontroll er å vurdere den systematiske målefeilen.
   
Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (NOKLUS) (tidlegare Norsk Klinisk-kjemisk Kvalitetssikring, NKK) driv ekstern kvalitetsvurdering av laboratorieanalysar for sjukehus i Noreg. Dei driv og tilsvarande aktivitet overfor allmennpraktikarar og praktiserande spesialistar.
Sist oppdatert 29.05.2024