Blodutstryk frå primærhelsetenesta

Hovudindikasjonen for å rekvirere blodutstryk er klinisk eller biokjemisk mistanke om leukemi.

 


Fagleg oppdatert av legane Paul Kjetel Soldal Lillemoen, Kristin Varsi og Anne-Lise Bjørke Monsen (13.11.2020)

Indikasjonar for å vurdere blodutstryk

I primærhelsetenesta er rekvirering av blodutstryk først og fremst aktuelt ved mistanke om leukemi. Mistanken kan vere basert på ei klinisk vurdering av pasienten og/eller hematologiske analyseresultat.

Laboratoriet vurderer alle prøvar som blir analysert på hematologiske instrument og kan tilleggsrekvirere blodutstryk ved følgjande forhold:

  • Blastmelding
  • Uttalte avvik i fleire cellelinjer
  • Vedvarande granulocytose utan kjent årsak
  • Mistanke om låggradig lymfoproliferativ sjukdom (KLL): Vedvarande lymfocytose > 5,0 x 109/L og alder > 40 år

Desse kriteria bestemmer også om lege ved MBF skal vurdere utstryk rekvirert av lege i primærhelsetenesta. Rekvirerte blodutstryk med normale hematologiske verdiar eller berre små avvik i éi cellelinje vil ikkje bli vurdert.

Lege ved MBF vurderer primært leukocyttrekka morfologisk. Unntaksvis kan legen også vurdere erytrocyttane eller trombocyttane dersom det er sterk indikasjon for dette, til dømes ved mistanke om mikroangiopati eller erytrocyttmembran-defektar.

Tiltak ved mistanke om alvorleg hematologisk sjukdom

Ved mistanke om akutt leukemi, mikroangiopati eller alvorleg eosinofili blir vakthavande lege på hematologisk avdeling kontakta, og pasient og/eller rekvirent blir kontakta for vidare avklaring og utgreiing.

Ved mistanke om kronisk myeloid leukemi, myelodysplasi eller enkelte andre hematologiske tilstandar blir utstryket sendt til vurdering hos hematolog og rekvirenten vil få skriftleg svar i løpet av vanlegvis 1-2 veker. 

Ved mistanke om låggradig lymfoproliferativ sjukdom/KLL (kronisk lymfatisk leukemi) vil lege ved MBF kommentere utstryket med anbefaling om å henvise til pakkeforløp KLL, eventuelt til utvida immunfenotyping i EDTA-blod (hugs å oppgi relevante kliniske opplysningar).

Fann du det du leita etter?