Antikoagulantia og vurdering av antikoagulasjonsgrad

Monitorering av antikoagulasjonsgrad er heilt nødvendig ved behandling med warfarin og ufraksjonert heparin på grunn av stor variasjon i dosebehovet, både mellom personar og innan same person over tid. Ved bruk av andre legemiddel (f.eks lågmolekylært heparin (LMWH), dabigatran, rivaroxaban eller edoxaban) er rutinemessig monitorering ikkje nødvendig pga ein meir forutsigbar effekt. Det kan imidlertid vere aktuelt med måling av antikoagulasjonsgrad ved bruk av desse legemidla hos enkelte pasientar (f.eks ved nedsett nyrefunksjon) eller i visse situasjonar (f.eks før kirurgi, ved akutt nyresvikt eller blødning under behandling).

Publisert 28.06.2016 / Sist oppdatert 10.07.2021

Av overlege Ann-Helen Kristoffersen (fagleg innhald revidert 12.10.21)


Antikoagulantia der antikoagulasjonsgrad skal analyserast regelmessig:


Warfarin (Marevan): 

Peroral hemmer av produksjon av dei vitamin K avhengige koagulasjonsfaktorane II, VII, IX og X. Skal monitorerast regelmessig med analysen INR. Terapeutiske områder som ofte blir brukt er 2.0 – 3.0 (målverdi 2.5) eller 2.5 – 3.5 (målverdi 3.0). Terapeutisk målverdi er avhengig av indikasjon og blødings- og tromboserisiko (for eksempel kan andre målverdiar vere aktuelle ved ulike typar mekaniske hjerteklaffar).

Ufraksjonert Heparin (UH): 

UH blir gitt som intravenøs infusjon eller subcutan injeksjon og hemmar hovudsakelig faktor IIa og Xa. UH skal monitorerast regelmessig. Monitorering blir utført ved analysering av APTT eller ACT (pasientnær analyse). Anti-Xa analysen (kalibrert med heparin)1 kan vere nyttig ved for eksempel auka APTT eller ACT før oppstart av behandling eller uventa stor eller liten auke i APTT/ACT etter oppstart av behandling med UH. Terapeutisk område er avhengig av indikasjon, blødnings- og tromboserisiko. APTT/ACT terapeutisk område er og avhengig av kva for eit reagens som blir nytta ved laboratoriet.

Antikoagulantia der antikoagulasjonsgrad til vanleg ikkje skal analyserast regelmessig:

 

Lågmolekylært heparin (LMWH): Dalteparin (Fragmin), enoxaparin (Klexane), tinzaparin (Innohep).

LMWH blir gitt ved subcutan injeksjon (sc) og hemmar hovudsakelig faktor Xa, men og faktor IIa i varierande grad. LMWH skal normalt ikkje monitorerast. Det kan vere indisert å måle antikoagulasjonsgrad i enkelte tilfelle som for eksempel hos barn, gravide eller svært over- eller undervektige eller ved nedsatt nyrefunksjon for å sjekke om terapeutisk dose blir oppnådd eller for å vurdere fare for akkumulering (auka risiko for bløding). Ved monitorering blir anti-Xa aktivitet (kalibrert med heparin)1 nytta. Analysering er kun aktuelt ved terapeutisk dosering, ikkje profylaktisk. Prøve må takast ca 4 timar etter sc injeksjon. Terapeutisk område ved x 2 dgl dosering: Anti-Xa 0.5 – 1.0 IU/mL og ved x 1 dgl dosering: Anti-Xa 1.0 – 1.5 IU/mL. For å vurdere akkumulering kan prøve takast rett før neste injeksjon.

Dabigatran etexilate (Pradaxa): 

Dabigatran er ein peroral hemmer av faktor IIa (trombin). Dabigatran skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering kan APTT og INR vere nyttig. APTT aukar med aukande dabigatrankonsentrasjon inntil eit «platå» der APTT ikkje aukar meir. Normal APTT gjer overdosering med dabigatran lite sannsynlig, men kan sjåast ved både lav og terapeutisk konsentrasjon. INR aukar ikkje før ved høge konsentrasjonar av dabigatran. Spesifikke analysar for konsentrasjonsmåling av dabigatran er ikkje tilgjengeleg i Noreg. Normal trombintid (TT) tyder på lav eller ingen konsentrasjon av dabigatran i blodet.

Rivaroxaban (Xarelto): 

Rivaroxaban er ein peroral hemmer av faktor Xa. Rivaroxaban skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering er APTT og INR vanskeleg å tolke3. Spesifikke analysar for vurdering av konsentrasjon er etablert ved OUS (anti-Xa aktivitet kalibrert med rivaroxaban) og ved St.Olav i Trondheim (konsentrasjonsmåling). Sjå Farmakologiportalen for informasjon. Normalt resultat for anti-Xa aktivitet kalibrert med LMWH1 tyder på lite eller ikkje noko rivaroxaban i prøven, men kan ikkje nyttast til å bestemme konsentrasjon av rivaroxaban.

Apixaban (Eliquis): 

Apixaban er ein peroral hemmer av faktor Xa. Apixaban skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering er APTT og INR vanskeleg å tolke3. Spesifikke analysar for vurdering av konsentrasjon er etablert ved OUS (anti-Xa aktivitet kalibrert med apixaban) og ved St.Olav i Trondheim (konsentrasjonsmåling). Sjå Farmakologiportalen for informasjon. Normalt resultat for anti-Xa aktivitet kalibrert med LMWH1 tyder på lite eller ikkje noko apixaban i prøven, men kan ikkje nyttast til å bestemme konsentrasjon av apixaban.

Edoxaban (Lixiana): 

Edoxaban er ein peroral hemmer av faktor Xa. Edoxaban skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering er APTT og INR vanskeleg å tolke3. Spesifikke analysar for vurdering av konsentrasjon er etablert ved St.Olav i Trondheim (konsentrasjonsmåling). Så Farmakologiportalen for meir informasjon. Normalt resultat for anti-Xa aktivitet kalibrert med LMWH1 tyder på lite eller ikkje noko apixaban i prøven, men kan ikkje nyttast til å bestemme konsentrasjon av edoxaban.

Anti-Xa aktivitet kan kalibrerast enten med UH eller med LMWH eller ein kombinasjon av UH/LMWH som kan nyttast uavhengig av om det er UH eller LMWH pasienten blir behandla med. Obs: Terapeutisk område for dei to legemidla er ulikt. For meir informasjon om anti-Xa aktivitet , sjå analyseoversikten.no (Anti-Xa Lavmolekylært heparin og Anti-Xa Ufraksjonert heparin).

2 Indikasjonar der det kan vere aktuelt å analysere antikoagulasjonsgrad ved bruk av dei nye antikoagulantia: Ved alvorlig blødning, før prosedyrer/kirurgi (spesielt akutte eller ved redusert nyre- eller leverfunksjon), ved mistanke om overdosering/akkumulering, ved nedsett nyre- eller leverfunksjon eller samtidig behandling med legemiddel som hemmer nedbryting/utskillelse av antikoagulantia (fare for akkumulering) eller ved inntak av høge doser (intoksikasjon).

3 APTT og INR kan vere heilt normale både ved terapeutisk og høg konsentrasjon (overdosering) av rivaroxaban, apixaban og edoxaban, og er difor vanskeleg å tolke. Normal INR gjer overdosering med rivaroxaban eller edoxaban lite sannsynleg, men kan ikkje nyttast for apixaban. Dersom APTT og INR først er kraftig forlenga kan det tyde på overdosering med eit av desse legemidla.

Sjå informasjon frå Legemiddelverket om dei ulike legemidla




Sist oppdatert 26.09.2022