Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Anafylaksi

Indikasjon: Tilleggsutgreiing ved mistanke om anafylaksi

​Av overlege Erik Florvaag​ og overlege Erik Wilhelm Vinnes (sist revidert april 2022)

Bakgrunn

Anafylaksi er ein generell overfølsemdsreaksjon utløyst av ei eksponering. Det er ein akutt-tilstand som ytrar seg i form av ei dynamisk utvikling av symptom frå to eller fleire organsystem som anten oppstår plutseleg, samtidig eller i rask rekkjefølgje etter kvarandre (1). Omgrepa blir brukte om det kliniske sjukdomsbiletet uavhengig av kva sjukdomsårsak eller sjukdomsmekanisme som måtte liggje bak. 

Ei enkel inndeling er IgE-mediert og ikkje-IgE-mediert anafylaksi, der den sistnemnde gruppa rommar mange moglege mekanismar og følgjeleg òg svært mange differensialdiagnosar (2).

Blodprøver tatt i forbindelse med hendelsen kan i ettertid bidra til å støtte opp under den kliniske anafylaksidiagnosen og eventuelt indikere årsak og reaksjonsmekanisme:

Akuttsituasjon, optimalt etter om lag 1–4 timar, rekvirerast i same serumprøve:

  • Tryptase
  • Total IgE
  • Spesifikk IgE-antistoff

Oppfølgingsprøve mer enn 12 timar etter symptomstart: serum-tryptase (basisverdi)

Tolking

Eit auke i tryptase-nivået tyder på aktivering av mastceller og/eller basofile granulocyttar. Det foreligger internasjonal konsensus for signifikant auka dersom stigningen er > [20% + 2 ug/L]. Ein kan da benytte følgande formel: 1.2 x [basisprøve] + 2 ug/L.

Dersom akuttprøven er større enn dette, er stigningen signifikant. Denne formelen er blant anna validert i ei perioperativ setting med sensitivitet og spesifisitet på 78% og 91%. Positiv prediktiv verdi (PPV) var på 98% mens negativ prediktiv verdi (NPV) var lav på 44% (34).

Dette betyr at mangel på tryptasestigning kan likevel ikkje utelukke anafylaksi. Ved mistanke om anafylaksi bør pasienten alltid vurderast i ettertid av spesialist i klinisk allergologi (1).

Ei akutt stiging av s-tryptase tilseier at det har vore mastcelleaktivering som samsvarer med anafylaksi, men ikkje korleis aktiveringa er initiert, det vil seie om ho er IgE-mediert eller ikkje. Det siste vil resultata av IgE-analysane kunne bidra til å avklare. Ein vedvarande høg s-tryptase taler for mogleg systemisk mastocytose og bør utgreiast vidare hematologisk.

Det er viktig at lege eller anna helsepersonell som primært handterer ein anafylaktisk episode, dokumenterer omstenda omkring anfallet, som mistenkt eksponering, tidsforløp, symptomutvikling, bruk av alkohol og legemiddel o.a., i tillegg til effekten av eventuell igangsett behandling (adrenalin i.m.).

Dei må òg sjå til at pasienten i etterkant blir tilvist til påfølgjande allergologisk utgreiing og oppfølging der dei kliniske opplysningane og aktuelle blodprøvesvar utgjer ein vesentleg grunnlagsinformasjon (1)

Spesielle problemstillingar

For spesielle problemstillingar som anafylaksi i tilslutning til generell narkose finst det eigne rutinar for prøvetaking, rekvirering og klinisk dokumentasjon av hendinga – sjå nettadressa http://www.nafweb.no.

Referansar:

  1. Takazawa et al. In vitro diagnostic tests for perioperative hypersensitivity, a narrative review: potential, limitations, and perspectives. BJA (2019)
  2. Vinnes et al. Tryptase, en biomarkør til støtte for den kliniske diagnosen anafylaksi. Tidsskr Nor Legeforen (2020)

Sist oppdatert 28.10.2022