Allergisk transfusjonsreaksjon
Transfusjon med blodprodukt skal normalt gå utan nemneverdige komplikasjonar. Biverknadar kan likevel oppstå både under og i etterkant av gjennomført transfusjon. Ein sjeldan, men potensielt alvorleg årsak til transfusjonsreaksjonar er allergi.

Ved transfusjonsreaksjonar skal sjukehuset interne retningslinjer fylgast. Om ein mistenker ein allergisk reaksjon som årsak til transfusjonsreaksjon kan blodprøvar sendast til Haukeland universitetssjukehus for laboratorieutgreiing.
Det skal takast ein akuttprøve 1-4 timar etter symptomdebut, og vidare ein basalprøve ≥12 timar etter symptoma inntrefte (eventuelt kan man bruke ein prøve tatt før reaksjonen). Reaksjonen blir då registrert i Anafylaksiregisteret. For full utgreiing treng laboratoriet også materiale frå blodkomponent (slangebit, pose/infusjonssett eller prøve frå pose i røyr utan tilsetning).
Eksterne rekvirentar fyller ut rekvisisjonsskjema, inkludert kliniske opplysningar. Rekvirentar internt på Haukeland universitetssjukehus nyttar sjukehusets elektroniske journalsystem. Oppgje kva type og antall blodkomponentar som er gjeve siste 6 timar før reaksjonen. Legg ved kopi av anestesijournal om mogleg.
I analysepakken inngår s-tryptase, s-total IgE og plasmaproteine IgA, haptoglobin, C3, C4 og C1-inhibitor. Laboratoriet kan i tillegg analysere antistoff mot andre mistenkte medikament eller gjere manuelle allergianalysar på førespurnad. Kontakt oss i så fall på tlf 55970857 eller 55973140. Svar på laboratorieutgreiing kjem i form av skriftleg kommentar til rekvirenten.