Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Akutt laboratorieutreiing

Anafylaksi er ein klinisk diagnose, og blodprøvetaking må ikkje forhindre eller forsinke akutt behandling. Blodprøvar kan likevel gje viktig informasjon, sjølv om dei ikkje blir analysert før i ettertid.

Mannlig ansatt med laboratorieutstyr.

Hensikta med laboratorieutgreiing er å bidra til å kartleggje utløysande årsak og mekanisme bak reaksjonen, slik at man lettare kan førebyggje nye hendingar. I blodprøve tatt i forbindelse med anafylaktisk reaksjon («akuttprøve» - blir optimalt tatt 1-4 timar etter symptomdebut) analyserast s-tryptase og s-total IgE. I tillegg ber vi om at det blir rekvirert IgE-antistoff mot mistenkte utløysande allergen, jamfør opplysningar i sjukehistoria.

Resultat frå «akuttprøve» må samanliknast med ein prøve tatt i rolig fase («basisprøve»), dels for å vurdere grad av tryptasestging, dels for å ekskludere mastocytose. Denne oppfylgingsprøven skal takast ≥12 timer etter symptomstart. Dersom blodprøve frå pasienten tatt før reaksjonen er tilgjengeleg kan denne nyttast som basisprøve.

Det kan i tillegg være aktuelt å ta andre blodprøvar ut ifrå ei klinisk vurdering. Innsendte prøvar blir lagra i 6 månadar i diagnostisk biobank. Ved behov for å rekvirere ekstra analysar, kontakt laboratoriet på 55970857 eller 55973140.

Les her for meir info om tryptase som biomarkør for anafylaksi. ​
Rekvisisjonsskjema

Sist oppdatert 02.02.2023