Blodbanken i Helse Bergen er den største blodbanken på Vestlandet fordelt på Haukeland sjukehus, Blodbussen og Voss sjukehus.
Det er over 100 tilsette ved avdelinga, og vi har både bioingeniørar, sjukepleiarar, helsesekretærer, legar, kontorpersonale og assistentar.
Vi har fått app. Den finner du ved å søke Blodbanken der du laster ned apper. Der finner du også meir informasjon om blodbussen. Gå til Blodgivarportalen (app)
Sesam Sesam på Haukeland universitetssjukehus: Bommane og billettautomatane er no fjerna til fordel for eit skiltgjenkjenningssystem. Det vil seie at eit kamera les bilnummeret ved inn- og utkøyring.
Du køyrer som vanleg inn i parkeringshuset, men utan å trekkje parkeringsbillett. Hugs å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp til timen din.
Registrer ditt eige parkeringsfritak i nettbrett ved reseisjonen. Parkeringa blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.
Blodgivarar har fri parkering i 3 timar. Etter timen treng du ikkje foreta deg noko anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale.
Vidare informasjon om parkering som blodgivar finn du på blodbanken-bergen.no eller i Blodbanken-appen.
ParkeringsplassarDet er eigne parkeringsplassar for blodgivarar på parkeringsdekket i Sentralblokka. Desse plassane ligg på nordsida av parkeringsdekket og er skilta. Du kan parkere kor som helst du finn ein ledig plass, ikkje berre på dei reserverte plassane.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.