Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Keisarsnitt i Bergen og på Voss

Kvinner som skal ha planlagde keisarsnitt, kan få dette både på Kvinneklinikken i Bergen og på Voss sjukehus.

Publisert 25.09.2016
Sist oppdatert 31.05.2023

For tida er det litt for liten operasjonskapasitet i Bergen, og for å sikre at dei kvinnene som treng operasjon på Kvinneklinikken skal få den behandlinga dei treng, må vi sjå på løysingar som kan gi oss auka kapasitet.

Voss sjukehus har kapasitet til å ta fleire keisarsnitt. Det er derfor gjort ein avtale med Voss om at dei skal kunne ta imot inntil to keisarsnitt i veka.

Kun planlagde keisarsnitt

Det er viktig å understreke at dette gjeld planlagde keisarsnitt, og etter ei nøye vurdering av lege. Dersom det skjer noko som krev øyeblikkeleg operasjon, vil det sjølvsagt bli operasjon på Kvinneklinikken i Bergen for dei kvinnene som bur der.

Fordeling etter kapasitet

Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus er begge del av Helse Bergen HF, og samarbeidet mellom Voss og Haukeland er heilt i tråd med føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Der står det at sjukehus skal samarbeide for å utnytte den totale kapasiteten som finst. Fleire gonger i veka blir pasientar med ulike diagnosar sendt frå Bergen til Voss.

Når det no er for liten operasjonskapasitet i Bergen og ledig kapasitet på Voss, skal vi sjølvsagt samarbeide for å utnytte kapasiteten og sikre god behandling for dei kvinnene som treng operasjon.