Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om nødprevensjon - angrepillen

Nødprevensjon er prevensjon som blir brukt etter samleie. Den eignar seg godt til bruk etter uhell med kondom og pessar og etter gløymde p-piller og minipiller, og ikkje minst etter eit samleie utan prevensjon.

Portrett ung kvinne. Foto
Foto: Colourbox.com

​Den mest vanlege nødprevensjonen består av ein stor dose østrogen som må bli tatt innan 72 timar etter samleie. Jo før jo betre. Dette er 98 prosent sikkert dersom den blir tatt innan fyrste døgn og du ikkje nettopp har hatt eggløsning. 

Nødprevensjon av fleire ulike merker kan kjøpast reseptfritt på apoteket.

Uavhengig av kva merke ein vel må tablettane bli tatt med 12 timars mellomrom, og første dosen må bli tatt innan 72 timar.

Biverknadar

Kvalme, oppkast, hovudpine, svimmelheit, forskyving av menstruasjonen (frå nokre dagar til vel ei veke).

NB! Ved oppkast / diare innan 4 timar etter inntak av tablettane må nye tablettar bli tatt for å vere sikker på at dei får tid til å verke i kroppen.

Lurer du på noko om prevensjon?

Målet med prevensjon er å hindre svangerskap. Mange har i tillegg behov for å beskytte seg mot seksuelt overførbare sjukdommar. Det er viktig å finne fram til eit prevensjonsmiddel som passar for deg.
Les meir om ulike prevensjonsmetodar
Diverse prevensjon, piller, kondomer etc. Foto

Sterilisering for kvinner

Sterilisering for kvinner blir utført på sjukehus og privatklinikkar. Inngrepet er ei alvorleg avgjerd og gir for alltid tap av fruktbarheit. Dette eigner seg for kvinner som er heilt sikre på at dei ikkje ønskjer seg fleire barn, og som har problem med anna form for prevensjon. Dette er eit inngrep som kvinna sjølv betaler for.
Les meir om sterilisering
Kvinne og mann i profil. Foto
Sist oppdatert 21.09.2023