Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ein meir familievennleg barseltid

Vi vil gjere det vi kan for å leggje til rette for at de skal ha ei familievennleg barseltid. Det er viktig at partnar får vere i lag med mor og barn etter fødselen, fram til dei reiser heim frå sjukehuset.

En mann som holder en kvinne

7.november 2023 flytta Kvinneklinikken inn i nye lokale i Glasblokkene og her er  det familierom (einerom) til alle. 

Her finner du flyttesidene til Kvinneklinikken, for oppdatert informasjon om tilbudet i Glasblokkene. ​

I Glasblokkene er det lagt til rette for at barselkvinnene kan ha partnar eller ein annan nærtståande med seg i barseltida. Partnar er derfor velkomen til å vere til stades på alle romma. Når partnar/ledsager tek i bruk partnarsengen med sengetøy, betalast det ein eingongsbetaling for heile opphaldet. Meir informasjon er på romma. 

Friske søsken til barnet er velkomne mellom kl 17 og 18 alle dagar. 

Vi har lagt fram trivselsreglar på alle barselromma våre, men gje oss gjerne beskjed om det er noko meir vi kan bidra med for å få opphaldet på rommet så godt som mogleg.

LES MEIR OM BARSEL 



Sist oppdatert 27.12.2023