Fødeseksjonen, Kvinneklinikken

Fødeseksjonen på Kvinneklinikken (KK) ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen er ei av dei største føde- / barseleiningane i Noreg. Vi har om lag 5000 fødslar i året. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omegn tar vi i mot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile vestlandsregionen.

Jordmor med far og mor og nyfødt barn. Foto
 
Les meir om Fødeseksjonen, Kvinneklinikken

Fødeseksjonen, Kvinneklinikken

Alle fødande bør ringje Innleggingstelefonen for fødande før du drar til Kvinneklinikken. Telefonnummer 55 97 22 00


Om du ikkje får kontakt med jordmor på denne telefonen og ikkje kan avvente litt, og ringe tilbake – ring 113.

 

Fødetilbodet på Kvinneklinikken (KK)

Her kan du lese og sjå informasjonsfilmar om fødetilbodet ved KK, og kva du kan vente deg som fødande hos oss:

Omvising på Fødeseksjonen

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Kvinneklinikken på Haukelandsområdet.

Telefon
FOR FØDANDE - 55 97 22 00

Resepsjon - 55 97 42 00
Telefontid kl. 07.30-22.00
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Kart)
5053 Bergen
Telefon
Resepsjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Grunna Koronavirus får pasientar midlertidig dekka køyring med eigen bil

Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.

Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.

Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøkstid

​Gi mor, partnar og dei nyfødde barna ro

Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og at mor har nok tid og ro til å komme i gang med bl.a amminga.

Vi ser at kvinnene som har fødd blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Besøk dei første dagane på klinikken og den første tida heim bør avgrensast til dei aller næraste.

Visittida på KK er derfor kun open for eigne barn.

Visittid for søsken er kl. 17.00-20.00.

Les meir

Koronavirus: Restriksjonar på besøk på Kvinneklinikken

Kvinneklinikken tek for augneblinken ikkje i mot besøkande til inneliggjande pasientar.

Er du gravid og skal føde?
Du får framleis ha med deg ein ledsager til fødsel. Slik situasjonen er no, kan dessverre ikkje partnar vere til stades på sjukehuset under barselopphaldet.

Les meir her https://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/informasjon-til-fodande-under-koronapandemien

Hugs god handhygiene!

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.

Amminghttps://helse-bergen.no/behandlinger/ammingAmmingAAmmingAmmingAmmingAmming
Bløding seint i svangerskapethttps://helse-bergen.no/behandlinger/bloding-seint-i-svangerskapetBløding seint i svangerskapetBBlødning sent i svangerskapetBlødning sent i svangerskapetBlødning sent i svangerskapetBlødning sent i svangerskapet
Diabetes og svangerskaphttps://helse-bergen.no/behandlinger/diabetes-og-svangerskapDiabetes og svangerskapDDiabetes og svangerskapDiabetes og svangerskapDiabetes og svangerskapDiabetes og svangerskap
Dødfødselhttps://helse-bergen.no/behandlinger/dodfodselDødfødselDDødfødselDødfødselDødfødselDødfødsel
Fostervatnsprøvehttps://helse-bergen.no/behandlinger/fostervatnsproveFostervatnsprøveFFostervannsprøveFostervannsprøveFostervannsprøveFostervannsprøve
Fødsel og barselhttps://helse-bergen.no/behandlinger/fodsel-og-barselFødsel og barselFFødsel og barselFødsel og barselFødsel og barselFødsel og barsel
Fødsel, tvillingar / fleirlingarhttps://helse-bergen.no/behandlinger/fodsel-tvillingar-fleirlingarFødsel, tvillingar / fleirlingarFTvillinger/flerlingerTvillinger/flerlingerTvillinger/flerlingerTvillinger/flerlinger
Glukosebelastningstesthttps://helse-bergen.no/behandlinger/glukosebelastningstestGlukosebelastningstestGGlukosebelastningstestGlukosebelastningstestGlukosebelastningstestGlukosebelastningstest
Graviditet - blodpropp før eller i svangerskapethttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-blodpropp-for-eller-i-svangerskapetGraviditet - blodpropp før eller i svangerskapetGBlodpropp før eller i svangerskapetBlodpropp før eller i svangerskapetBlodpropp før eller i svangerskapetBlodpropp før eller i svangerskapet
Graviditet - fosterdiagnostikkhttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-fosterdiagnostikkGraviditet - fosterdiagnostikkGFosterdiagnostikkFosterdiagnostikkFosterdiagnostikkFosterdiagnostikk
Graviditet - Lite liv i svangerskapethttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-lite-liv-i-svangerskapetGraviditet - Lite liv i svangerskapetGLite liv i svangerskapetLite liv i svangerskapetLite liv i svangerskapetLite liv i svangerskapet
Graviditet - morkakeprøvehttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-morkakeproveGraviditet - morkakeprøveGMorkakeprøveMorkakeprøveMorkakeprøveMorkakeprøve
Graviditet - overvekt https://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-overvekt-Graviditet - overvekt GOvervekt og svangerskapOvervekt og svangerskapOvervekt og svangerskapOvervekt og svangerskap
Graviditet - svangerskapsforgiftinghttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-svangerskapsforgiftingGraviditet - svangerskapsforgiftingGSvangerskapsforgiftningSvangerskapsforgiftningSvangerskapsforgiftningSvangerskapsforgiftning
Graviditet - svangerskapskløehttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-svangerskapskloeGraviditet - svangerskapskløeGSvangerskapskløeSvangerskapskløeSvangerskapskløeSvangerskapskløe
Graviditet - tilvekstkontrollhttps://helse-bergen.no/behandlinger/graviditet-tilvekstkontrollGraviditet - tilvekstkontrollGTilvekstkontrollTilvekstkontrollTilvekstkontrollTilvekstkontroll
Igangsetting av fødsel (induksjon)https://helse-bergen.no/behandlinger/igangsetting-av-fodsel-induksjonIgangsetting av fødsel (induksjon)IIgangsetting av fødselIgangsetting av fødselIgangsetting av fødselIgangsetting av fødsel
Keisarsnitthttps://helse-bergen.no/behandlinger/keisarsnittKeisarsnittKKeisersnittKeisersnittKeisersnittKeisersnitt
Nyføddscreening - blodprøvehttps://helse-bergen.no/behandlinger/nyfoddscreening-blodproveNyføddscreening - blodprøveNNyfødtscreening - blodprøveNyfødtscreening - blodprøveNyfødtscreening - blodprøveNyfødtscreening - blodprøve
Opning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepperhttps://helse-bergen.no/behandlinger/opning-av-gjensydde-eller-gjengrodde-kjonnslepperOpning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepperOÅpning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepperÅpning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepperÅpning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepperÅpning av gjensydde eller gjengrodde kjønnslepper
Overvaking av barn i mors magehttps://helse-bergen.no/behandlinger/overvaking-av-barn-i-mors-mageOvervaking av barn i mors mageOOvervåking av barn i mors mageOvervåking av barn i mors mageOvervåking av barn i mors mageOvervåking av barn i mors mage
Svangerskaphttps://helse-bergen.no/behandlinger/svangerskapSvangerskapSGraviditet og svangerskapGraviditet og svangerskapGraviditet og svangerskapGraviditet og svangerskap
Svangerskapsdiabeteshttps://helse-bergen.no/behandlinger/svangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetesSSvangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetesSvangerskapsdiabetes
Svangerskapskvalmehttps://helse-bergen.no/behandlinger/svangerskapskvalmeSvangerskapskvalmeSSvangerskapskvalmeSvangerskapskvalmeSvangerskapskvalmeSvangerskapskvalme
Tidleg ultralyd med nakketranslusensmalinghttps://helse-bergen.no/behandlinger/tidleg-ultralyd-med-nakketranslusensmalingTidleg ultralyd med nakketranslusensmalingTUtralyd (tidlig) med nakketranslusensmålingUtralyd (tidlig) med nakketranslusensmålingUtralyd (tidlig) med nakketranslusensmålingUtralyd (tidlig) med nakketranslusensmåling
Ultralydundersøking i svangerskapethttps://helse-bergen.no/behandlinger/ultralydundersoking-i-svangerskapetUltralydundersøking i svangerskapetUUltralyd - rutineundersøkelse ved graviditetUltralyd - rutineundersøkelse ved graviditetUltralyd - rutineundersøkelse ved graviditetUltralyd - rutineundersøkelse ved graviditet
Vaginal ultralydhttps://helse-bergen.no/behandlinger/vaginal-ultralydVaginal ultralydVUltralyd - vaginalUltralyd - vaginalUltralyd - vaginalUltralyd - vaginal
Vaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barnhttps://helse-bergen.no/behandlinger/vaksinering-av-rhd-negative-gravide-som-ber-eit-rhd-positivt-barnVaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barnVVaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.Vaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.Vaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.Vaksinering (RhD-profylakse) av RhD negative gravide som bærer et RhD positivt barn.

Barsel, Kvinneklinikkenhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/fodeseksjonen/barselBarsel, Kvinneklinikken
Fostermedisin og ultralydhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/fodeseksjonen/seksjon-for-fostermedisin-og-ultralydFostermedisin og ultralyd
Føde 1https://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/fodeseksjonen/fode-1Føde 1
Føde 2https://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/fodeseksjonen/fode-2Føde 2
Observasjonspost for gravidehttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/fodeseksjonen/observasjonspost-for-gravideObservasjonspost for gravide
Poliklinikk for gravide, mor og barnhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/fodeseksjonen/poliklinikk-for-gravidePoliklinikk for gravide, mor og barn
Storken, Kvinneklinikkenhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken/fodeseksjonen/storkenStorken, Kvinneklinikken

Fann du det du leita etter?