Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tvillingar / fleirlingar

Tvillingsvangerskap blir ofte oppdaga ved ultralydundersøkinga i veke 17-19. Mange har før dette hatt ei mistanke om at det kan vere tvillingar på veg.

Tvillingbabyer i badehåndkle. Foto

Dette gjerne på grunn av at det er tvillingar i familien, magen er større enn forventa eller svangerskapsteikna er tydelegare og sterkare enn ved tidlegare svangerskap.

Ved mistanke om tvillingar

Om du, legen din eller jordmor mistenker tvillingsvangerskap skal du tilvisast til ultralydundersøking så snart som mogleg. Dette er viktig for å finne ut om tvillingane er ein- eller toegga. Det er lettast for oss å sjå dette tidlegare i svangerskapet enn når den ordinære ultralyden skal vere.

Ultralydbilde tvillinger. Foto

 

Graviditet med meir enn eitt foster aukar risikoen for komplikasjonar for mor og barn. Om tvillingane veks som forventa, vil magen til mor vere like stor i veke 30 som magen ville ha vore med eitt barn i veke 40.

Svangerskap med to eller fleire barn varer derfor gjennomsnittleg tre veker kortare enn svangerskap med eitt barn. Eit tiltak for å hindre for tidleg fødsel er at legen din vil vurdere om du bør bli sjukemeldt frå ca. 28 svangerskapsveke. 

Du går oftare til kontroll når du ventar to/fleire barn, enn når du er gravid med eitt barn. Det er viktig at du følgjer opp og møter til dei svangerskapskontrollane som blir sett opp for deg.

Frå svangerskapsveke 22 går du til kontroll kvar andre veke og i dei siste vekene av svangerskapet går du til kontroll kvar veke. Når du er i svangerskapsveke 22 er det vanleg med ei ekstra ultralydundersøking.

Einegga tvillingar skal gå til svangerskapskontroll i spesialisthelsetenesta, altså til oss her på seksjonen Fostermedisin og ultralyd på KK. Svangerskapet følgjast opp med hyppige kontrollar.

Den første ultralydundersøkinga avgjer kor neste svangerskapskontroll skal skje. Kontrollane kan skje vekselvis på Svangerskap og barselpoliklinikk, Fostermedisin og ultralyd og/eller hos fastlege / jordmor.

Når du ventar einegga tvillingar blir fødselen sett i gong ved ca. 36-37 svangerskapsveke. 

Toegga tvillingsvangerskap som utviklar seg normalt, kan gå til privatpraktiserande gynekolog til kontroll i svangerskapet.

Om du ikkje har født innan svangerskapsveke 38 blir du tilvist til Kvinneklinikken for fødselsplanlegging og eventuell igangsetting av fødselen. Det er vanleg å sette i gong fødselen ved ca. 38-39 svangerskapsveke.

Legen og jordmora som har ansvar for deg i svangerskapet vil lage ein plan for fødselen saman med deg.

 

 

Tvillingfødsel

​​​​Som vordande tvillingmamma må du føde barna dine på ei fødeavdeling med fødselslege, anestesilege og barnelege tilgjengelig heile døgnet. På KK er dette som oftast på Føde A.

Korleis svangerskapet ditt har vore, kor langt du er i svangerskapet når fødselen startar og korleis du og barna har det ved fødselsstart, vil vere med på å avgjere kva slags fødselsmetode, fødselsovervaking og fødselshjelp du treng.

Får du rier eller mistanke om at fostervatnet har gått, må du ta kontakt med Innleggingstelefonen på Kvinneklinikken med ein gong.

Ein tvillingfødsel krev meir overvaking enn fødsel av eitt barn. Barna blir overvaka ved hjelp av CTG store delar av fødselen. 

Vi anbefaler at du får epiduralbedøving når fødselen er i gong. Det er ein auka risiko for at ein tvillingfødsel blir avslutta med keisarsnitt eller ved bruk av tang eller vacuum, enn om du skal føde eitt barn. Derfor er det ekstra viktig at du har god bedøving. 

Når den første tvillingen er født får du helse litt på den nyfødde, før fokuset må rettast mot fødsel av neste tvilling.

Om den første tvillingen fødast vanleg, er det jordmor som tek imot barnet. Men fødselslegen er alltid på fødestova og overtek leiinga av fødselen dersom det blir nødvendig.

Tvilling to kjem som oftast ganske raskt etter den første tvillingen. Men det kan hende at riene kan stoppe opp litt etter at første barnet er født. Fødselen vil då kunne stoppe litt opp. Derfor har vi alltid klart drypp som kan stimulere til meir riaktivitet.

Når den første tvillinga er født vil legen undersøke med ultralyd korleis neste tvilling kjem ned i fødselskanalen. Fosterlyden blir overvaka heile tiden. Om den lille gir signal på at den ikkje har det optimalt, vil legen straks gripe inn og forløyse barnet.

Det er alltid eit team av erfarne jordmødrer, barnepleiarar, fødselslegar og barnelege saman med deg på fødestova under fødselen.

 

 

Etter fødselen

Tida du er på Kvinneklinikken er ei viktig tid for deg, barna og familien. Tida skal brukast til å bli kjent med dei to nye familiemedlemmane, lære å stelle dei og gi dei mat.

​​​​​​​​​​​​Fordi tvillingar ofte er fødd før termin, er dei ofte små og treng ekstra oppfølging den første tida etter fødselen. Derfor er det vanleg at mor og barn blir på klinikken nokre dager. Vil vil hjelpe deg og rettleie deg med tanke på stell og mating av dei nyfødde.

Du vil ha familierom under heile opphaldet, slik at din partnar kan vere saman med mor og barn og dermed delta aktivt i stell og mating. Før heimreise får du informasjon om tilbod kring oppfølging, kontroll og rettleiing på helsestasjonen.

Å få i gong mjølkeproduksjon og amme tvillinger krev ofte litt ekstra innsats, rettleiing og hjelp, spesielt i oppstarten av amminga. Nokon tvillingmødrer treng litt ekstra tid på å få i gong mjølkeproduksjonen og amminga. Derfor blir mange tvillingmødrer liggande på Kvinneklinikken nokre ekstra dager.

Om barna er fødd før veke 37 eller har ei fødselsvekt under 2800 gram, skal dei ha mat kvar tredje time. Om barna ikkje er sjuke og har krefter til å amme, er det vanleg at barna først ammer, før dei får morsmjølkerstatning eller pumpemelk via ein spesialkopp.

Tips og råd om tvillingamming - ammehjelpen.no 

Sist oppdatert 23.08.2023