Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rede på Fødeavdelinga

Nokon gonger kjem fødande til oss såpass tidleg i fødselsforløpet at dei blir oppfordra til å reise heim igjen. Dei kvinnene som ikkje ønskjer det, men vil vere i nærleiken til Kvinneklinikken, kan få tilbod om å bli hos oss i eit «Rede-rom».

Gravid kvinne holder seg på magen. Foto

«Rede» er eit rom på Kvinneklinikken på ei av avdelingene, der du kan få ro og moglegheit for kvile. Du får mat og drikke, men ledsager må ordne seg mat sjølv.


Du skal føle deg trygg

Den første delen av fødselen er vanlegvis også den lengste delen av fødselen. Om du og barnet ditt er friske er det ingen medisinsk grunn til at du må vere på Fødeavdelinga i denne fasen.

Nokon ønskjer likevel å bli på sjukehuset i denne fasen fordi det blir opplevd som tryggast. Vi håper «Rede» kan vere eit godt tilbod for deg som treng det.

Du møter alltid ei jordmor når du kjem til Kvinneklinikken for å føde. Ho kontrollerer deg og barnet ditt og vurderer i lag med deg om eit «Rede-rom» kan vere eit godt alternativ for deg, om du er tidleg i den første delen av fødselen.

Ikkje ei fødeavdeling

Vår erfaring er at dei fleste blir på «Rede-rommet» i nokre timar. Om fødselen ikkje går over i ein ny fase, vel mange etter kvart å reise heim. Om riene aukar på, eller situasjonen endrar seg, blir du flytta over på ei av fødestovene våre. 
Det er viktig å vere klar over at «Rede» ikkje er ei fødeavdeling, men eit roleg opphaldsrom. Den gravide som er på eit "Rede-rom" tek sjølv kontakt med jordmor på "Innleggelsestelefonen for fødande" (55972200) om det vert ein forandring, om riene aukar på eller ein skulle ønskje å reise heim. 
Skulle fødselen starte når du er her vil både jordmor og nødvendig utstyr stå klart raskt​​​​​.

Fødselstilbodet ved KK

Fødselen er slutten på mange månader med venting, lengsel og spenning. Endeleg skal de få møte barnet. Fødselen krev stor innsats frå både mor og barn, og er fysisk og psykisk krevjande for begge to. Her kan du lese om kva som møter deg på fødeavdelinga og kva som skjer under ei fødsel.
Meir om før, under og etter fødselen
Sist oppdatert 07.10.2022