Vi ber om at de og følg med på sjukehuset sine nettsider om eventuelle koronarestriksjonar, då desse i tider med høgt smittetrykk kan overstyre ordninga om familievennleg barselomsorg.
I 2023 flyttar Kvinneklinikken inn i nye lokale i Glasblokkene og her vil det vere familierom (einerom) til alle. Vi gler oss!
Fram til då har vi dei lokala vi har hatt i snart 100 år, men vi må teste ut om nye tilbod kan fungere, sjølv i gamle og til dels ueigna areal.
I dag har vi 30 plassar i fleirsengsrom og 15 plassar i familierom til bruk i barseltida. Dei barselkvinnene som treng det mest, blir prioritert når familierom skal tildelast. Vi har lang og god erfaring med at partnar får eiga seng på familieromma og kan ete alle måltid på avdelinga, mot å betale 500 kr. per døgn. Det vil vi halde fram med.
Vi ynskjer og å leggje til rette for at barselkvinnene på fleirsengsrom kan ha partnar med seg i barseltida. Partnar er derfor velkomen til å vere til stades mellom kl 09 og 21 alle dagar. På romma med fleire senger, vil partnar få tilbod om ein lenestol ved senga til mor og barn. Ved å betale 200 kr. per dag får partnaren ete alle måltid på avdelinga.
Friske søsken til barnet er velkomne mellom kl 17 og 18 alle dagar.
Å gi god barselomsorg på fleirsengsrom kan vere ei utfordring. Det er defor avgjerande at alle involverte viser ekstra omsyn til kvarandre. Derfor har vi laga trivselsreglar som vi oppfordrar alle til å følgje.
Trivselsreglane heng på alle barselromma våre. Vi som jobbar her har ansvar for å sørgje for at desse er kjende og kva dei inneber, men å respektere dei er eit felles ansvar.
Ver så snill å gje oss beskjed om det er noko vi kan bidra med for å få dette til på ein så smidig måte som mogleg.
LES MEIR OM BARSEL