Strålebehandling mot lunge eller spiserøyr
Behandling
Kvar behandling tar 10 - 15 minutt. Sjølve strålinga tar 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar.
Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.
Nokre pasientar blir behandla etter stereotaktisk teknikk, det vil seie at det gis nokre få behandlingar (3-5) med høg dose kvar gong. Det blir då behandlingsfrie dagar mellom strålebehandlingane. Kvar behandling tar ca. ein halv time.
Legekontrollar
Det blir tatt blodprøvar i løpet av behandlingsperioden. Du får også time til lege her på avdelinga. Når du er hos lege kan du få svar på spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Dersom du treng reseptar eller sjukemelding, er det viktig å ta det opp når du er inne hos legen. Det kan vere ein fordel om du på førehand skriv ned det du har tenkt og spørje legen om.
Røyking
Studiar har vist at røyking i forbindelse med gjennomføring av strålebehandling gir dårlegare effekt på svulsten. Dette har sannsynlegvis samanheng med at strålinga er avhengig av god tilgang på oksygen i vevet for å utøve effekten sin, og røyking reduserer oksygenmengda i vevet. Det er derfor svært viktig at du unngår å røyke i dei vekene strålebehandlinga varer. Snakk eventuelt med behandlande lege.
Biverknadar av strålebehandlinga
Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Biverknadane gir seg gradvis 2- 3 veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:
Trøttleik
Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur dersom du har anledning. Det er viktig med eit variert og næringsrikt kosthald. Under strålebehandlinga er det viktig å drikke rikeleg. Kroppen treng 1,5 - 2 liter væske dagleg. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, dersom du sjølv ønsker det.
Hudreaksjonar
Huda kan bli irritert (dvs. raud, øm og kløande hud) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet. Når du barberer deg anbefaler vi bruk av barbermaskin. Unngå karbad, ta heller ein dusj. Ikkje frotter huda i strålefeltet, men klapp ho tørr og la området lufttørke heilt. Ikkje bruk stramt tøy. Bruk gjerne tøy av bomull. Huda må vere rein og så tørr som mogleg. Det er viktig at det kjem luft til dei såre områda.
Du kan gjerne smøre huda i strålefeltet med uparfymert fuktighetskrem/lotion (for å redusere tørr hud, kløe og irritasjon). Det kan smørjast fleire gonger om dagen. Produkta skal ikkje innehalde metaller (f.eks. zink). Unngå potetmjøl/maisstivelse og babypudder i strålefeltet. Dersom det oppstår hudlause områder skal du ikkje smørja der.
Stråleterapeut eller sjukepleiar kan gi råd om korleis det skal behandlas.
Unngå sol på bestrålt hudområde og bruk høg solfaktor på dei områda som ikkje er dekka av tøy.
Svelgevanskar
Dersom spiserøyret er innanfor behandlingsfeltet kan slimhinnene bli såre og vanskar med å svelge kan oppstå. Mot dette kan det hjelpe og ete most eller flytande kost. Unngå å ete eller drikke noko som er veldig varmt eller kaldt. Unngå sterkt krydra mat og syrleg mat. Snakk med personalet på behandlingsmaskina dersom du får problem med å få i deg nok mat. Smertestillande eller lokalbedøvande medisin kan då eventuelt brukast.
Kvalme
Behandlinga kan i enkelte tilfelle gi lett kvalme.
Irritassjon i luftvegane
Ved aukande tungpust og tørrhoste bør du gi beskjed til personalet på behandlingsmaskina, då graden av strålereaksjonar i lungene kan variere.
Dersom det oppstår biverknadar eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også ta det opp med legen når du er til kontroll.