Strålebehandling mot gynekologisk sjukdom
Behandling
Kvar behandling tar 10 - 20 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.
Fylning av tarm og urinblære under behandling
Området du skal få behandling til ligg i bekkenet i nærleiken av både urinblæra og endetarmen. Stabil/lik blærefylning (urin) og tarmfylning (avføring) vil sikre at behandlingsområdet ikkje har store daglege forskyvingar i bekkenet.
Derfor ber vi deg følgje rutinane som skildra under:
- Drikk rikeleg, ideelt sett 1.5 liter kvar dag, fordelt utover dagen.
- Hold deg i aktivitet for å fremme tarmaktivitet i den grad du har moglegheit.
- Det er ønskeleg at du har avføring dagleg. Det er av betydning at tarmen ikkje er utspilt ved behandling.
- Strevar du med forstopping, ta kontakt med personalet på behandlingsmaskinen.
- Vi tilrår at du let vatnet ca. 1 time før kvar behandling og drikk 2 glass vann slik at blærefylninga er mest mogleg lik frå dag til dag.
Legekontrollar
Det blir tatt blodprøvar i løpet av behandlingsperioden. Du får også time til lege her på avdelinga. Når du er hos legen kan du få svar på spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Viss du treng reseptar eller sjukemelding, er det viktig å ta det opp når du er inne hos legen. Skriv gjerne ned det du har tenkt og spørje legen om.
Røyking
Strålinga er avhengig av oksygen for å verke effektivt. Røyking vil føre til redusert oksygennivå i blodet og kan dermed redusere effekten av behandlinga. Vedvarande røyking under strålebehandling har òg samanheng med auka førekomst av biverknadar. Det er derfor svært viktig at du sluttar å røykje. Snakk med stråleterapeut eller lege for råd og rettleiing.
Tilleggsbehandling
For nokon er det aktuelt med tilleggsbehandlingar i form av innvendig strålebehandling, også kalla brachyterapi. Dette blir som oftast avgjort når den utvendige strålebehandlinga nærmar seg slutten. Ved brachyterapi blir ei strålekjelde leia inn i skjeden og bringa i nærkontakt med svulsten. Kvar sånn behandling tar ca. 15-30 minutt. Strålekjelda blir fjerna etter kvar behandling.
Biverknadar av strålebehandlinga
Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Biverknadane betrar seg oftast gradvis nokre veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:
Trøttleik
Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur dersom du har anledning. Det er viktig med eit variert og næringsrikt kosthald. Under strålebehandlinga er det viktig å drikke rikeleg. Kroppen treng 1,5 - 2 liter væske dagleg. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, dersom du sjølv ønsker det.
Hudreaksjonar
Huda kan bli irritert (dvs. raud, øm og kløande hud) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet. Unngå karbad, ta heller ein dusj. Ikkje frotter huda i strålefeltet, men klapp ho tørr.
Ikkje bruk stramt tøy. Bruk gjerne tøy av bomull. Huda må vere rein og så tørr som mogleg. Det er viktig at det kjem luft til dei såre områda. Unngå sol på bestrålte hudområde.
Diarè
Ved strålebehandling av bekkenet, kan ein få laus avføring eller diaré. Dersom du opplever det må du snakke med stråleterapeut som vil gje deg rettleiing om tilpassa kosthald og eventuelle medisinar. Knipsmerter kan førekomme opptil fleire veker etter avslutta strålebehandling. Slimhinna i endetarmen kan bli irritert av strålebehandlinga. Dette kan medføre kløe og smerter.
hyppig vasslating
Slimhinna i urinblæra blir irritert av strålebehandlinga. Dette medfører plager som kan minne om ein urinveisinfeksjon, med hyppig vannlating og svie. Snakk med personalet på behandlingsmaskina viss dette blir eit problem.
Underlivet
Nokre kvinner vil oppleve varierande grad av sårheit i skjeden og på kjønnsleppene mot slutten av behandlingsperioden. Det kan då hjelpe å gå utan truse når det er mogleg. Saltvatns omslag kan også verke lindrande.
Ved nokre strålebehandlingsopplegg gitt mot bekkenområdet, som medfører høge stråledosar til skjeden, kan det vere ein fare for utvikling av arrdanning i skjeden. Dette kan motverkast ved bruk av en dilatator. Dette vil du få informasjon om i løpet av behandlingsperioden.
Dersom det oppstår biverknadar eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også ta det opp med legen når du er til kontroll.