Omsorg for mindreårige barn (0-18 år)
Har du daglig omsorg for mindreårige barn og har de eventuelt behov for oppfølging i forhold til din sykdom?
Kvar behandling tar 10 -15 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helger og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen blir påverka av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.
Studiar har vist at røyking i samband med gjennomføring av strålebehandling gir dårlegare effekt. Dette har sannsynlegvis samanheng med at strålinga er avhengig av god tilgang på oksygen i vevet for å utøve effekten sin, og røyking reduserer oksygenmengda i vevet. Det er derfor svært viktig at du unngår å røyke. Snakk eventuelt med lege viss du treng hjelp til dette.
Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Biverknadane gir seg gradvis nokre veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:
Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg litt meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur viss du har anledning. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, dersom du sjølv ønsker det.
Huda kan bli irritert (dvs. raud, øm og kløande hud) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet, evt berre vatn. Unngå karbad, ta heller ein dusj. Ikkje frotter huda i strålefeltet, men klapp ho tørr. Deodorant utan parfyme kan brukast så lenge huda ikkje er sår.
Du kan gjerne smøre huda i strålefeltet med uparfymert fuktighetskrem/lotion (for å redusere tørr hud, kløe og irritasjon). Det kan smørjast fleire gonger om dagen. Produkta skal ikkje innehalde metaller (f.eks. zink). Unngå potetmjøl/maisstivelse og babypudder i strålefeltet. Dersom det oppstår hudlause områder skal du ikkje smørja der. Stråleterapeut eller sjukepleiar kan gi råd om korleis det skal behandlas. Bruk gjerne tøy av bomull, la det om mogleg komme luft til hudområde som er irritert av behandlinga. Unngå bruk av silikonprotese og teip i behandlingsområdet.
Unngå sol på det bestrålte området under strålebehandling og dei første månadane etter avslutta behandling. Bruk solkrem med høg solfaktor på dei områda som ikkje kan skjermast for sola. Reaksjonane i huda kan auke dei første vekene etter avslutta behandling, men vil gradvis avta. Huda blir ofte varig endra, ein kan merke det på at ho er mindre elastisk og får tydelege karteikningar. Dei som får stråling mot attverande bryst kan merke at brystet blir hardare enn før. Huda vil vere varig meir ømfintleg og kan bli lettare solbrent, bruk høg solfaktor.
Når du har hatt den siste strålebehandlinga di, vil ein av stråleterapeutane ha ein samtale med deg. Du får då råd om korleis du kan handtere biverkningar i hud.
Har du daglig omsorg for mindreårige barn og har de eventuelt behov for oppfølging i forhold til din sykdom?