Innvendig strålebehandling ved gynekologisk sjukdom
For nokon er det aktuelt med tilleggsbehandlingar i form av innvendig strålebehandling, også kalla brachyterapi. Dette blir som oftast avgjort når den utvendige strålebehandlinga nærmar seg slutten. Ved brachyterapi blir ei strålekjelde leia inn i skjeden og bringa i nærkontakt med svulsten. Kvar sånn behandling tar ca. 15-30 minutt. Strålekjelda blir fjerna etter kvar behandling.
Korleis føregår behandlinga?
Du skal snart ha innvendig strålebehandling, også kalla brachyterapi. Brachyterapi gir oss moglegheit til å gi høg stråledose nær svulsten fordi strålekjelda vert ført inn i kroppen din.
Ved førebuing til behandlinga har du gjerne vore til ei MR undersøking, samt ei gynekologisk undersøking i narkose på Kvinneklinikken.
Som eit ledd i planlegginga vil vi ta ei CT- undersøking med behandlingsutstyret plassert i underlivet ditt. Denne undersøkinga vil vare omtrent ein time.
Ved sjølve behandlinga vil du ligge i ein gynekologisk undersøkingsstol. Legen eller stråleterapeuten legg behandlingsutstyret inn i skjeden. Til dette utstyret vil vi feste eit tynt røyr som leier strålekjelda inn til området som skal bestrålast.
Før behandlinga startar, kontrollerer vi at utstyret ligg på plass ved hjelp av eit røntgenapparat.
Vi går ut av rommet når behandlinga pågår, men vi høyrer og ser deg ved hjelp av eit overvåkingskamera. Vi har moglegheit til å stoppe undervegs viss det er behov for det. Sjølve behandlingstida er frå 5-15 minutt. Det er viktig at du ligg roleg under behandlinga slik at utstyret ikkje kjem ut av posisjon. Etter avslutta behandling blir strålekjelda trekt tilbake og det er inga stråling igjen i kroppen din.
Stråleterapeuten eller legen fjernar så utstyret.
Biverknadar
Brachyterapi kan medføre biverknadar. Viss du har hatt utvendig strålebehandling og fått biverknadar som følge av ho, er det sannsynleg at problema fortset.
Du må derfor behandle biverknadane som før.
Les nøye gjennom brosjyren: ”Informasjon til deg som får stråling mot gynekologisk sjukdom” eller vår nettside "Strålebehandling mot gynekologisk sjukdom".
Ein av biverknadane ved strålebehandling mot underlivet er fare for utvikling av arrdanningar i skjeda. Det betyr at skjeda kan bli forkorta, og at slimhinnene kan vokse saman. Det kan føre til problem i forhold til etterkontrollar, noko som er viktig i dei første åra etter strålebehandlinga. Det kan og få innverknad på seksuallivet.
Bruk av dilatator er ein metode for å redusere risiko for desse biverknadane.
Kvinnelege pasientar som får strålebehandling mot underlivet får tilbod om vaginal dilatator. Denne anbefaler vi brukt ein gong dagleg etter at strålebehandlinga er avslutta. Dilatatoren førast inn i skjeda og tas ut igjen.
Strålebehandling mot underlivet kan også gi tørrheit/sårheit i slimhinnene i skjeda, og det kan då vere behov for å bruke ein vassbasert glidekrem. Denne kan kjøpast reseptfritt på apoteket.
Vi anbefaler at du bruker dilatatoren fram til første kontroll etter strålebehandling. Legen vil då kunne seie noko om du har nytte av vidare bruk.
Nokre opplever også lekkasjar fra urinvegar/endetarm. Det kan då vere nyttig å trene bekkenbunnsmuskulaturen for å motverke dette.
Sjå Kreftforeningen sine sider om kreft og seksualitet: www.kreftforeningen.no
Kva skjer når du er ferdigbehandla?
Etter at strålebehandlinga er avslutta vil du etter ei tid bli innkalt til kontroll ved det sjukehuset som du hører til. Det kan derfor vere at du blir innkalt til eit anna sjukehus enn Haukeland Universitetssjukehus