Sexologisk rådgjeving
For mange er seksualitet ein viktig del av livet og kan vere ei kjelde til lyst og glede, intimitet og nærleik. Ein kreftdiagnose inneber for mange ei endring i seksualiteten. Enten som direkte følgje av sjukdommen eller biverknad av behandlinga.
Seksualitet er ein av dei mest ømtåelege og private sider ved tilværa. For mange menneske er det vanskeleg å snakka om seksuelle kjensler, lyster og ønskjer, også til ein som står ein nær.
Ein kreftdiagnose og påfølgande behandling kan for mange innebere endringar i seksualiteten, sjølvbilde og kroppsbilde.
Nokre kreftdiagnoser og behandling kan ha større konsekvensar for seksualiteten enn andre, men all kreftbehandling kan påverke den seksuelle helsa i større eller mindre grad, uavhengig av diagnose. Dette fordi seksualiteten har fysiske, psykiske, sosiale og kulturelle aspekt.
Alle kreftramma kan ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering dersom dei ønskjer time til sexologisk rådgjeving. Gjennom samtalar med spesialist i sexologisk rådgjeving NACS, kan du få råd i forbindelse med verknad/biverknad av behandling og kva du kan gjera. Du kan komme åleine eller saman med partner.