HELSENORGE

Pusterommet

Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.

Tre kvinner trener på ulike treningsapparat med veiledning fra kvinnelig instruktør i treningsrom. Foto

​For å kunne delta i rehabiliteringa må ein ha tilvising frå lege ved Kreftavdelinga, Kvinneklinikken eller Hematologisk seksjon, og ha ein samtale med personalet før oppstart.​

Pusterommet har matter, kasser, strikkar, innandørs syklar, tredemøller, ballar og styrkeutstyr. Du får lov til å trene det du orkar, og ta dei pausane du føler for. Det er trening i gruppe. Ved behov er det moglegheit for individuell rettleiing.

Fysisk aktivitet har god effekt på psykisk helse. Å vere fysisk aktiv saman med andre er eit fint høve til å bli kjent og ha noko kjekt å gjere saman. 

Fysisk aktivitet har positiv effekt på mulege seineffektar som fatigue, angst, nervesmerter, muskel- og skjelettplager, overvekt, hjarte- og karsjukdommar, diabetes, osteoporose (beinskjørheit) og lymfeødem. 

Styrketrening

Styrketrening er viktig i forhold til å stimulere muskelmassen og skjelettet.  Ein kroppssamansetjing med ei sunn fordeling av musklar og feittvev er eit godt grunnlag for god helse. Muskelmassen gjer god funksjon i kvardagen og er viktig i forhold til energiforbruk. Beinvevet kan ved nokon behandlingar bli redusert, og styrketrening kan difor vere viktig for å førebygge eit ytterlegare tap.  

To damer i treningsklær sykler treningsrom med skiltet  

Kondisjonstrening

Kondisjonstrening stimulerer hjarte- og karsystemet i form av auka oksygenopptak, fleire blodårer og sterkare blodårevegger, auka blodgjennomstrømming og sunnare blodfeittprofil. Hjartet blir dyktigare på den jobben det gjer, slik at kvilepulsen kan bli redusert og hjartet blir utsett for lågare arbeidsbelasting resten av døgnet. 

Test av maksimalt oksygenopptak

Ergospirometri er ein test som nyttas for å anslå maksimalt oksygenopptak og evaluere arbeidskapasiteten. Testen vert gjennomført ved gradvis aukande belastning/motstand tilpassa kvar enkelt, enten på ergometersykkel eller tredemølle. Under ein test vil den som vert testa få på seg eit pulsbelte og ei ansiktsmaske. Det vil blant anna registreras puls, pustefrekvens og maksimalt oksygenopptak (VO2-maks).
Ergospirometritesten vert tilbydd ved start, undervegs, mot slutten og nokre månader etter rehabiliteringstilbodet for å sjå på utviklinga. 

Utandørs aktivitet

Me oppfordrar til utandørs aktivitetar når det er mogleg. P​asientar ved Kreftavdelinga kan få gratis billettar til gondolen Ulriksbanen som går opp til fjellet Ulriken.

Aktiv mot Kreft

Aktiv mot kreft, som etablerer Pusterom på sjukehus rundt i landet, står bak konseptet Pusterommet hjemme. Her får du komplette treningsøkter som du lett kan gjennomføra heime. Du treng ikkje anna utstyr enn eit par sko, og du velger økt og intensitet etter eige ønske og dagsform. Kvar veke (utanom i feriar) vert det send direkte treningstimar "Pusterommet live" i regi av Aktiv mot Kreft.

Pusterommene i Norge

Fann du det du leita etter?