HELSENORGE

Opplæring

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering har ulike kurs og opplæringstilbod for pasientar og pårørande.

Kursholder foreleser med presentasjon på lerret i lokale med flere kursdeltakere i klasseromsetting. Foto

Ernæringskurs

Halvdagskurs i ernæring er eit kurs der sunn mat står i fokus.
​På kurset underviser klinisk ernæringsfysiolog om generelle anbefalingar og gir informasjon vedrørande ernæring og kreft.

Helse- og treningsrådgjevar/ernæringsrådgjevar underviser om korleis rett kosthald kan auke effekten av fysisk aktivitet og kor mykje energi ein eigentleg treng.

Kurset er for dei som tar del i rehabiliteringstilbodet. 

Foredrag

Fleire gonger i månaden blir det halde pasient- og pårørandeopplæring i ulike tema.

​​​​​Vi tar opp tema som; kreftrelatert fatigue (utmatting, trøyttleik), stress- og stresshandtering, strålebehandling, fysisk aktivitet og nevropati.

Opplæringa består av teoriundervising, spørsmål og svar. Spørsmål frå deg, medpasientar eller pårørande er viktig og gir god læring for alle partar. Lurer du på noko, kan du vere sikker på at nokon av dei andre gjer det same.

Tilbodet gjeld for dei som tar del i rehabiliteringstilbodet, og ein kan ha med seg ein vaksen pårørande.

Kurs: Førebuing til strålebehandling

Førebuingskurs til strålebehandling er for dei som skal ha kurativ strålebehandling for prostatakreft, og deira pårørande.

​​​På kurset lærer ein meir om korleis strålebehandling går føre seg, kva strålebehandling er, biverknader, kvifor fysisk aktivitet et nyttig og om kreft og seksualitet.  

I hovudsak blir det halde fysiske kurs kvar månad over to dagar (​torsdagar kl. 12.00 - 16.15 – fredagar kl. 09.00-14.00), og ein digital variant av kurset blir tilbydd nokre pasientar. 

Avdelinga kontaktar dei dette kurset er aktuelt for.

Sminkekurs: Look Good Feel Better

I samarbeid med organisasjonen Look Good Feel Better Norge arrangerer vi sminkekurs for kvinner som er under cellegiftbehandling.

​​Fem gonger i året blir det halde eit to timars sminkekurs. Konsulentane som held kurset leiar deltakarane gjennom korleis pleie huda og korleis legge enkel kvardagssminke. Det er plass til 12 deltakarar per kurs, og alle deltakarane sminkar seg sjølv under rettleiing av konsulentane.

Organisasjonen tilbyr også eit nettbasert sminkekurs. Ta kontakt med oss på Kreftsenter for opplæring og rehabilitering dersom du ynskjer meir informasjon om desse kursa.

Organisasjonene Look Good Feel Better Norge har laga instruksjonsfilmen "Få et smil på leppene" for å gi ein innføring i hudpleie og sminke for kvinner under kreftbehandling. Filmen tek for seg korleis hudpleie og enkel sminke kan leggast steg for steg.

Instruksjonsfilm: Få et smil på leppene

For påmelding og informasjon om kursdatoar kontakt KOR på tlf 55 97 74 77.​

Meistringskurs

Å meistra kvardagen kan vere krevande både under og etter kreftbehandling. Kurset er for dei som deltar i rehabiliteringstilbodet ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering, og går over fire gonger frå kl. 12.30 - 15.00.

På kurset ser vi nærare på korleis ein kan møte og handtere ulike former for utfordringar og stress ein har i kvardagen. Dette er avgjerande for vår fysiske, psykiske og mentale helse. Psykologisk forsking har vist at kognisjon (tenking) speler ei stor rolle for korleis stressande og truande situasjonar opplevast og påverkar oss.

Kurset tar for seg kva meistring er, og kva det kan bety for den enkelte i forhold til det å vere i ein situasjon der sjukdom og endring pregar kvardagen. Det fokuserast på utfordringar eller endringar i sjølve behandlingssituasjonen, tida rett etter og eventuelt tankar rundt tida som kjem.

Tema som blir tatt opp er meistring og meistringsverktøy, oppmerksomhetstrening, stress, avspenning og fysisk aktivitet.

Det er lagt opp til erfaringsutveksling, refleksjon relatert til eigen situasjon og enkle praktiske oppgåver. Deltakarane vel sjølv kor mykje ein vil dele med andre. Gruppa består av inntil 12 personar.

For påmelding og informasjon om kursdatoar kontakt KOR på tlf 55 97 74 77.

Fann du det du leita etter?