HELSENORGE

Avstandsoppfølging ved KOR

KOR tilbyr avstandsoppfølging til dei som ikkje har moglegheit til å komma til sjukehuset for å delta i delar av rehabiliteringstilbodet. 

Kvinne og mann i kontorklær snakker med hverandre  via blikkbokser med tråd mellom. Illustrasjon

Nokre har av ulike årsaker ikkje moglegheit til å delta på alle ​aktivitetane som går føre seg på KOR. Vi har utvikla eit tilbod om avstandsoppfølging som blandt anna inneheld digital trening, telefon- og videokonsultasjonar, samt digital pasient- og pårørandeopplæring. Nedanfor kan ein lesa meir om dette: 

Direktesendt​ digital styrketrening 

 
vector av kvinne som trener

colourbox

Helse- og treningsrådgjevarane på KOR held direktesendt digital styrketreningsøkt ein dag i veka. Deltakarane i den digitale treningsøkta får på førehand ei individuell treningsrettleiing kor alle øvingane vert gjennomgått. All trening i heimen går føre seg på eige ansvar. 
 
Dei som har avtale om å delta i dette tilbodet får innkalling til videokonsultasjon via Helsenorge. Dersom du har spørsmål om videokonsultasjonen vil kontaktinformasjon stå i brevet. 

Telefonkonsultasjon

Vi på KOR ynskjer å følgja deg opp så godt vi kan, og tilbyr telefonkonsultasjonar som ein del av rehabiliteringstilbodet. Forelesingar og gruppesamtalar er satt opp til bestemte tider med gitte tema, og vår erfaring er at det ikkje alltid passar den enkelte å delta på dei tidene som er satt opp, eller at ein har behov for å bli fulgt opp med individuelle samtalar utan å møte på sjukehuset. I desse tilfella avtalar vi med kvar enkelt korleis tilrettelegginga skal gjerast, og då kan telefonkonsultasjon vere ei løysing. 

Ver merksam på at telefon frå sjukehuset kan komme frå skjult nummer. 

Videokonsultasjon

For å unngå at du må komme til sjukehuset meir enn nøudsynt legg KOR til rette for at vi kan følgja deg opp via videokonsultasjon. Vi vil avtale dette direkte med deg på førehand.

Dersom du har spørsmål om videokonsultasjonen du vert invitert til å delta i vil kontaktinformasjon stå i invitasjonen.
 
Vi anbefalar at du les gjennom informasjon om ​videokonsultasjon.

Pasientdialog via Helsenorge.no

Dette er ein kommunikasjonsmåte for å tilby en sikker og skriftlig kommunikasjonskanal med deg som pasient eller pårørande med fullmakt på helsenorge.no. For å logge deg på portalløysinga må du ha en sikker ID (f.eks. BankID). 

Sjå meir om dette på Helsenorge.no

Pasient- og pårørandeopplæring (forelesingar, gruppesamtalar og kurs)


 

videosamtaler 

I rehabiliteringstilbodet til KOR inngår pasient- og pårørandeopplæring i form av ulike forelesingar, gruppesamtalar og kurs. Når gjeldande reglar for smitteverntiltak tillet det vert pasient- og pårørandeopplæringa gjennomført med fysisk oppmøte i små grupper i lokala våre. Dersom smitteverntiltaka ikkje tillet å samlast i grupper, kan det på kort varsel hende at dette vært gjennomført virtuelt via Norsk Helsenett, og då vil vi gje beskjed til dei som er påmeldt ved å sende ut ein SMS eller ringe. Noko av foredraga og kursa vil kunne sjåast via plattforma Checkware og dette vil vi forklare nærare for dei som skal nytte dette systemet. 

Sminkekurs

Look Good…Feel Better tilbyr nettbasert sminkekurs for kvinner som er under cellegiftbehandling som medfører hårtap.
Nettkurset går gjennom et 12- trinns makeup-program med rens/pleie, ansiktssminke og augesminke.  

 
For å kunne delta må du: 
- Være under pågåande cellegiftbehandling som gir hårtap
- Være sjølvhjuplen (kunne utføre sminkinga på eiga hand) 
- Ha tilgang til datamaskin eller nettbrett med kamera
- Ha ei e-postadresse for å kunne melde deg på og delta på kurset

 
Du melder deg på kurset via Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR), og då vil du få utdelt ei mappe med produkt. Vidare må du sørge for at du har:
- Ein uforstyrra stad å sitte med datamaskin eller nettbrett
- Godt lys, men helst ikkje dagslys/vindu rett bak skjerm
- Eit bordspegel (evt håndspegel)
- Bomullspads/Kleenex til rensing av huden

 
Varigheten på kurset er maksimum 1,5 timer, og kurset er gratis.

 



 

Fann du det du leita etter?