Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling mot munnhole og svelg

Behandling

Kvar behandling tar 10 - 20 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.

Legekontrollar

Det blir tatt blodprøvar i løpet av behandlingsperioden. Du får også time til lege her på avdelinga, då kan du få svar på spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Dersom du treng reseptar eller sjukemelding, er det viktig å ta det opp når du er inne hos legen. Det kan vere ein fordel om du på førehand skriv ned det du har tenkt å spørje legen om.

Røyking

Studiar har vist at røyking i samband med gjennomføring av strålebehandling gir dårlegare effekt på svulsten. Dette har sannsynlegvis samanheng med at strålinga er avhengig av god tilgang på oksygen i vevet for å utøve effekten sin, og røyking reduserer oksygenmengda i svulsten.

Biverknadar av strålebehandlinga

Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Biverknadane gir seg oftast gradvis nokre veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:

Trøttleik

Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur viss du har anledning. Det er viktig med eit variert og næringsrikt kosthald. Under strålebehandlinga er det viktig å drikke rikeleg. Kroppen treng 1,5 - 2 liter væske dagleg. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, viss du sjølv ønsker det.

Hudreaksjonar

Huda kan bli irritert (dvs. raud, øm og kløande hud) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet. Når du barberer deg anbefaler vi bruk av barbermaskin. Unngå karbad, ta heller ein dusj. Ikkje frotter huda i strålefeltet, men klapp ho tørr og la området lufttørke heilt.

Du kan gjerne smøre huda i strålefeltet med uparfymert fuktighetskrem/lotion (for å redusere tørr hud, kløe og irritasjon). Det kan smørjast fleire gonger om dagen. Produkta skal ikkje innehalde metaller (f.eks. zink). Unngå potetmjøl/maisstivelse og babypudder i strålefeltet. Dersom det oppstår hudlause områder skal du ikkje smørja der. Stråleterapeut eller sjukepleiar kan gi råd om korleis det skal behandlas.

Unngå sol på bestrålt hudområde og bruk høg solfaktor på dei områda som ikkje er dekka av tøy.

Munntørrleik

Strålebehandling mot munnhola og svelget medfører ofte munntørrleik. Årsaka til dette er at spyttkjertlane blir påverka av strålebehandlinga når dei er med i behandlingsfeltet. Allereie etter nokre få dagars behandling blir spyttmengda redusert og konsistensen blir seigare.

Det er svært viktig med god tannhygiene da kariesrisikoen aukar når spyttmengda minskar. Vi anbefaler at du går til tannpleiar dersom munnhola er med i behandlingsområdet. Tørrleiken i munnen kan avhjelpast ved å drikke ofte. Ein kan også skylje med saltvatn, bruke sukkerfrie pastillar eller tyggegummi. Plagene kan også bli mindre om du reduserer eller unngår tobakk og alkohol.

Svelgvanskar

Strålebehandlinga kan gi sårheit i halsen, noko som kan medføre vanskar med å svelge. Unngå sterkt krydra mat, salt, syrleg mat og svært varm mat. Velg gjerne mat med «blaut» konsistens som supper, graut og mosa mat. Det kan vere nødvendig å ta noko smertestillande eller lokalbedøvande medisin før måltid.

Kvalme

Behandlinga kan i enkelte tilfelle gi lett kvalme. Dersom dette blir eit problem kan du få medisin mot dette.

Håravfall

Dette skjer kun i behandlingsområdet og kan gjelde skjeggvekst og. Dersom du lurer på korleis det blir for deg, spør personalet.

 

Dersom det oppstår biverknadar, eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du snakke med personalet på behandlingsmaskina. Du kan også ta dette opp med legen når du er til kontroll.

Strålebehandling kan gi sår hud i det området på kroppen du får behandling. Risikoen for dette vil variere. Behandlingspersonalet vil gi nærmare informasjon om korleis det blir i ditt tilfelle. Reaksjonar i huda kan auke den første tida etter strålebehandlinga er avslutta.

I dei fleste tilfella vil huda vere heila i løpet av nokre veker.

Når du går til strålebehandling anbefaler vi at du steller huda i på følgande måte:

  • Vask av huda: forsiktig vask eller dusj, ikkje for varmt vatn og ikkje for lenge. Bruk berre vatn, eventuelt uparfymert såpe. Ikkje frottér huda, klapp ho heller tørr.
  • Får du stråling mot hovudet: bruk mild sjampo, og unngå å bruke hårfønar med høg temperatur.
  • Bruk ikkje parfymerte produkt i stråleområdet.
  • Barbering: bruk barbermaskin.
  • Unngå bruk av silikonprotese og teip i behandlingsområdet.
  • Tøy: bruk gjerne bomull nærmast huda, unngå stramt tøy. La det komme luft til strålebehandla hud ved anledning.
  • Strålebehandla hud er varig meir ømfintleg for temperatur, vind og sol. Dersom huda blir raud, tørr og irritert, kan du i samråd med behandlingspersonalet/apotek smørje tynt med ein hudkrem. Den bør være uparfymert, vatnbasert og med middels fettinnhald. Ikkje smør på hudlause område.

 

Husk:

  • Dette er generelle råd i tillegg til munnleg informasjon. Det kan vere nødvendig å gi andre råd i enkelte tilfelle.
  • Spør alltid om råd dersom det dukkar opp problem under strålebehandling. Ta gjerne kontakt sjølv etter avslutta strålebehandling, om det er noko du lurer på.
  • Følg desse råda til huda er heila etter strålebehandlinga.
  • Strålebehandla hud vil vere varig meir ømfintleg for sol enn normal hud. Bruk høg solfaktor.

 

Har du spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også snakke med legen ved kontrolltime.

Dette er ei rettleiing til pasientar som får strålebehandling mot nasen og kor legen tilrår naseskylling i forbindelse med denne.

Strålebehandling irriterer slimhinnene og kan medføre sårheit, tørrleik og skorpedanning i nasen. Skylling med fysiologisk saltvatn vil bidra til å halde nasen open, slimhinnene reine og å løyse opp skorper.

Sånn gjer du:

Bruk fysiologisk saltvatn (NaCl 0,9 %), som du får kjøpt på apoteket.

  • Fyll litt lunkent saltvatn i ei skål.
  • Stå godt framoverbøygd over vasken.
  • Klem av for det eine naseboret med ein finger.
  • Trekk eller snus saltvatnet opp i det andre naseboret, og blås eller spytt vatnet ut igjen.
  • Gjenta skyllinga 2 – 3 gonger i kvart nasebor.
  • Skyll to gonger dagleg, eller som anvist av legen.
  • Saltvatnet bør ikkje svelgast.

Ein kan alternativt bruke ein liten gummiballong eller ”nasehorn” med spiss tut til skyllinga. Denne fås kjøpt på apoteket.

Omsorg for mindreårige barn (0-18 år)

Har du daglig omsorg for mindreårige barn og har de eventuelt behov for oppfølging i forhold til din sykdom?

Barn som pårørende
Sykepleiere. Foto.
Sist oppdatert 25.04.2024