Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling mot prostata

Behandling

Kvar behandling tar 10 - 20 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.

Fylning av blære og tarm under behandling

Prostatakjertelen ligg i bekkenet i nærleiken av både urinblæra og endetarmen. Stabil blærefylning (urin) og tarmfylning (avføring) vil sikre at prostata ikkje har store daglege forskyvingar i bekkenet.

Derfor ber vi deg følgje rutinane som skildra under:

  • Drikk rikeleg, ideelt sett 1.5 liter kvar dag, fordelt utover dagen.
  • Hold deg i aktivitet for å fremme tarmaktivitet i den grad du har moglegheit.
  • Det er ønskeleg at du har avføring dagleg.

Det er av betydning at tarmen ikkje er utspilt ved behandling.

  • Strevar du med forstopping, ta kontakt med personalet på behandlingsmaskinen.
  • Vi tilrår at du let vatnet ca. 1 time før kvar behandling og drikk 2 glass vann slik at blærefylninga er mest mogleg lik frå dag til dag.

Legekontrollar

Mot slutten av behandlingstida får du også time til kontroll hos lege på kreftavdelinga. Når du er på legekontroll kan du ta opp spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Dette gjeld og reseptar eller sjukemelding.

Det kan vere ein fordel om du på førehand skriv ned det du har tenkt å ta opp.

Røyking

Strålinga er avhengig av oksygen for å ha effekt. Røyking vil føre til redusert oksygennivå i blodet og kan dermed redusere effekten av behandlinga. Vedvarande røyking under strålebehandling har òg samanheng med auka førekomst av biverknadar. Det er derfor svært viktig at du sluttar og røykje. Snakk med stråleterapeut eller lege for råd og rettleiing.

Biverknader av strålebehandlingen

Strålebehandlinga kan medføre biverknader. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling.

Vanlege biverknader under- og i den første tida etter behandlinga er:

Hyppig vasslating

Slimhinna i urinblæra kan bli irritert av strålebehandlinga. Dette kan minne om urinvegsinfeksjon, med hyppig vasslating og svie. Snakk med personalet på behandlingsmaskina dersom dette blir eit problem.

Diaré

Ved strålebehandling av bekkenet kan ein få luftsmerter, laus avføring og/eller diaré. Slimhinna i endetarmen kan bli irritert av strålebehandlinga og dette kan medføre kløe, smerter og avføringstrong. Dersom du opplever dette kan du snakke med stråleterapeut eller lege som vil gje deg rettleiing om tilpassa kosthald og eventuelle medisinar.

Trøttleik

Under strålebehandlinga er det normalt at du kan føle deg meir trøytt og slapp. Ta deg gjerne ein ekstra kvil og ein spasertur dersom du har anledning.

Hudreaksjonar

Huda kan bli irritert (raud, øm og kløande) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet. Huda må vere rein.

Dersom det oppstår biverknader eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina.

Omsorg for mindreårige barn (0-18 år)

Har du daglig omsorg for mindreårige barn og har de eventuelt behov for oppfølging i forhold til din sykdom?

Barn som pårørende
Sykepleiere. Foto.
Sist oppdatert 24.04.2024