Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Varmebehandling i kombinasjon med cellegift forbetrar overlevinga for kreftpasientar

Forsking viser no at regional varmebehandling (hypertermi) gitt i kombinasjon med cellegiftkurar forbetrar overlevinga for pasientar med høg-risiko blautvevskreft (sarkom).

Publisert 26.02.2018
Sist oppdatert 23.03.2018

​Det har i lang tid vore kjent at hypertermi (auka temperatur) kan auke effekten av nokre cellegifter på kreftceller dyrka i laboratoriet og i forsøksdyr med kreftsvulstar. Som einaste kreftsenter i Norden investerte Haukeland universitetssjukehus i utstyr for oppvarming med radiobølgjer av den del av kroppen der primærsvulsten sat, takka vere eit godt økonomisk bidrag frå Kreftforeningen.

Kreftavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus deltok i den hittil einaste, større multisenterstudie av kombinasjonen hypertermi og cellegift ved bløtvevskreft (sarkom). Den blei organisert gjennom dei europeiske kreftstudiegrupper (EORTC og ESHO) og gjennomført saman med sjukehus i Tyskland, austerrike og eit senter i USA.

Pasientar med sarkom utan påvist spreiing, men med stor risiko for å få dottersvulstar og tidleg død, fekk enten ei vanleg brukt cellegiftkur fire gonger før lokalbehandling (kirurgi og eventuelt strålebehandling), deretter ytterlegare 4 cellegiftkurar. Halvdelen av dei 341 pasientane fekk tillegg av hypertermi til cellegiftkurane. I Noreg var dei fleste pasientane frå Helse Vest og nokre frå Helse Sør-Øst.

Betre overleving

Ved analysen 5 år etter behandling viste studien at pasientar som hadde fått hypertermi hadde signifikant betre kontroll med primærsvulsten, men overlevinga var då ikkje forskjellig i behandlingsgruppene. Oppfølginga 10 år etter endt behandling er i desse dagar publisert i det presisjetunge tidsskriftet JAMA Oncology. Sjansen for 10 års overleving var 52.6% mot 42.6% til fordel for pasientane som hadde fått tillegg av hypertermi. Median varigheit av sjukdomsfridom etter primærbehandling var høvesvis 33,3 månader for hypertermipasientane og 17,4 månader for pasientar gitt cellegift aleine.

Avdelingsoverlege og professor Olav Mella ved Kreftavdelinga seier at sarkom oppstått i blautvev er ein sjeldan form og at studien derfor kravde fleire deltakande senter, i tillegg til spesialisert utstyr og gode tekniske og medisinske kunnskapar. Det fleirdisiplinære sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus har vore sentralt i pasientbehandlinga. Tålmodigheit og langtidsoppfølging av pasientane var nødvendig for å påvise den gunstige effekten av hypertermi på overlevinga.

Kostbar behandling

- Sidan hypertermi som ei utprøvande behandling ikkje har hatt økonomisk refusjon gjennom DRG-systemet eller andre tilskot, har denne arbeids- og tidskrevjande behandlingsforma vore tung for avdelinga å gjennomføre, seier Mella.

- På bakgrunn av denne multisenterstudien er det grunn til å håpe på at meirkostnaden med hypertermi kan kompenserast gjennom ein DRG-takst. Utan rimeleg refusjon vil det ikkje vere mogleg å oppretthalde behandlingstilbodet i Noreg.

Mella poengterer at eit nytt kreftmedikament som kan vise til ein relativ betring av 10-årsoverlevinga på vel 20% ved blautvevssarkom ville ha blitt prisa svært høgt. For sarkompasientar med aggressive svulstar og for det norske sarkommiljøet er behandlingsresultata frå studien ein stor oppmuntring. Det er grunn til å tru at utsiktene også for nokre andre kreftformer kan betrast ved tilleggsbruk av hypertermi til cellegift, men å vise det vitenskapeleg vil ta tid.

Publikasjonen: Rolf D. Issels et. al. Effect of Neoadjuvant Chemotherapy Plys Regional Hyperthermia on Long-term Outcomes Among Patients With Localized High-Risk Soft Tissue Sarcoma. The EORTC 62962-ESHO 95 Randomized Clinical Trial. JAMA Oncology dol.:10.1001/jamaoncol.2017.4996.