Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tips til sommarlektyre frå pasientbiblioteket vårt

Sommar er badetid, ferietid, istid og for mange – podkasttid, men det er sjølvsagt også lesetid! Som vanleg slår vi her i Pasientbiblioteket eit slag for trilogiane – det er no du har tid!

Trond Blom, avdelingsleiar, Pasientbiblioteket.
Publisert 16.07.2024
En kvinne som ser på bøker på en hylle
På Pasientbiblioteket er det mykje å velje i!

Kvifor ikkje starte med det nye danske stjerneskotet Thomas Korsgaard (f. 1995)? Det har vi gjort, og angrar ikkje. Det skulle ikkje forundre oss om den snart kjem i eittbindsutgåve under samletittelen Trilogien om Tue, slik tilfellet var med ein annan eminent trilogi, nemleg Trilogien om Gutten, av Jón Kalman Stefánsson, men først altså – bok for bok, og det startar med Hvis det skulle komme et menneske (på norsk 2023), der vi blir kjent med Tue, ein gut midt i tenåra, og hans familie, ein stad langt ute på landet i Midt-Jylland, eit tilvære prega av dysfunksjon og tronge tider. Sentralt er også Tues oppdaging av eigen seksuell legning som han skjuler for alle så nær som éi og som spesielt ikkje far hans må få greie på. I dei neste bøkene, En dag vil vi le av det og En måtte nok ha vært der følger vi Tues veg fram til han lausriv seg og tar fatt på eit kaotisk liv i København.
 

Trilogien om Gutten av islandske Jón Kalman Stefánsson (f. 1963) nemnte vi, og då kan vi like godt presentere den òg: Med sine tre bøker Himmelrike og helveteEnglenes sorg og Menneskets hjerte, utgjeve på norsk mellom 2010 og 2013, og altså etter kvart i samleutgåve som Trilogien om Gutten, tok Stefánsson norske lesarar med storm. I etterkant har det kome fleire oversetjingar, men trilogien er no den som ragar høgast, tykkjer vi. Det er noko hamsunsk over forteljemåten, berre korleis han over hundre sider greier ut om to mann som baksar seg over eit fjell i snøstorm, utan eit keisamt eller unødvendig avsnitt, står for oss som ein episk højdare. Blir tilrådd på det varmaste!
 

Eller så er det aldri for seint å gripe fatt i Trygve Gulbransens (1894-1962) undervurderte og litteraturhistoriemessig forbigåtte Bjørndal-trilogi: Og bakom synger skogene (1933), Det blåser fra Dauingfjell (1934) og Ingen vei går utenom (1935) – oversett til meir enn 30 språk, selt i over 12 millionar eksemplar og før krigen ei av verdas fire mestseljande bøker gjennom tidene! Vi lover ei medrivande reise.
 

Det er jo ikkje slik at vi berre les trilogiar, no har vi nett lese ei bok som det er direkte flaut at vi ikkje har lese for lengst, nemleg Av måneskinn gror det ingenting av vår eiga Torborg Nedreaas (1906-1987). «Kjærlighetstortur» valde Toril Moi å bruke som overskrift i eit føredrag ho heldt hjå Nasjonalbiblioteket om si eiga lesing av boka. To framande møtes på jernbanestasjonen i Bergen. I løpet av éi natt får vi ei sår livshistorie som handlar om livslang kjærleik(ssorg). Den tek opp i seg kontroversielle tema som kvinners seksuelle lyst og ikkje minst (illegal) abort. Boka har vore rekna som ei kultbok, mykje grunna nettopp denne tematikken – den kom ut i 1947. Det har tidvis vore stille både kring boka og sjølve forfattarskapen, men i desse dagar har boka vunne ny aktualitet og forlag i heile Europa har drive bodkrig for å få rett til å gje henne ut, så i år kjem ho ut i land som Tyskland, England, Nederland, Danmark, Sverige, Italia og fleire til. Boka er rett og slett nyoppdaga – utan at nokon ser ut til å skjønne kva det var som skjedde – og ho vert nemnt i same andedrag som m.a. Simone de Beauvoir og Tove Ditlevsen.
 

Attende til Danmark – vi elskar Danmark, spesielt om sommaren – og nok eit stjerneskot: prisløna Asta Olivia Nordenhof (f. 1988). Ho har heller ikkje skrive ein trilogi, men det har kome to bøker ut i ein varsla septologi med serietittelen Scandinavnian Star! Bok nr. 1, Penger på lomma, kom på norsk i 2021. Vi er også denne gong på den danske landsbygda og følgjer det turbulente kjærleikslivet til Kurt og Maggie. På forunderleg vis blir også Scandinavian Star-brannen vevd inn i historia. Oppfølgjaren, den særs frittståande Djevelboka, kom på norsk nyleg, til strålande kritikkar. Etter sigende, for å nytte eit uttrykk som eigentleg er dansk, skreiv ho den om tre gonger før ho forkasta heile manuset og skreiv ei heilt anna bok, lansert som ein erotisk grøssar. Ein veit aldri på førehand kva som er det neste frå Nordenhofs hand; bakarst i bind éin ramsa ho opp titlane på alle dei sju komande bøkene og bind to skulle heite Ideer,  men altså… Der har du ho, eller ikkje. Det vert uansett spennande å følgje ho og historia vidare. Ho debuterte allereie i 2011 og i 2013 gav ho ut si einaste diktsamling: Det nemme og det ensomme, også den høgst lesverdig. Det poetiske er òg til stades i prosaen hennar, her eit eksempel frå Penger på lomma:

«En idé, liten, kjapp og hard, som en nøtt som faller fra et tre, suser ned gjennom Maggie og setter seg i skjødet: En gang var hun ung.»

Pasientbiblioteket ønsker alle ein god lesesommar!