Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hete på kroppen, helse i øyra

Det fine med podkast er at enten du skal køyre snøfresen i jula, sommarkroppen i juli eller bubil til Jylland, så krevst berre mobilen som du allereie har i lomma og kanskje 10g plast i øyra.

Marius L Fimland, produsent, Helse Bergen
Publisert 18.07.2024
Sist oppdatert 23.07.2024
podcast
Illustrasjonsbilde, Colourbox

Helse Bergen har etter kvart eit lite mediahus av podkaster som har vakse fram i dei ulike miljøa våre. Dei fleste av desse er retta mot pasientar, pårørande og helsepersonell som kanskje ikkje har temaet som sitt hovudfelt, men heller tilstøtande fag.

No er gjerne ikkje det å “høyre fag” det som fristar mest på beachen i sommar, men gje gjerne desse stemmene våre ein sjanse – dei er ganske underhaldande om vi så må seie det sjølve, og brått så har du eit nytt persongalleri rundt deg som du ikkje kjente før. 

Klokt om livet er Cecilie Thorsen sin kanal, der ho snakkar med ulike menneske som har vorte råka av ulike kriser og katastrofer. Det handlar om korleis dei har har hatt det medan det stod på, og kanskje mest korleis dei har handsama livet vidare. Cecilie er for øvrig dronninga av å skaffe kjendisar, sjøl om andre gjer sitt beste for å rane trona. 

Søvnpodden kjem ut frå SovNo, og dei fleste av oss søv jo opp til fleire gangar i veka. Ingvild og Siri har så langt tatt oss med frå det primale i dyreriket (kanskje produsentens favoritt-episode), gjennom tenåra og til menopause med det meste som skjer i mellom. Stikkord: B-menneske er på alvor!
 

Karpodden handlar om blodårer og det som kan gå feil der. Blod er dramatisk, men det er ikkje vertinna Lydia. Her finn du det meste du treng vite om blodåre-sjukdomar, både farlege og plagsomme, formidla på ein empatisk måte. Lydia dreg med seg gjestar i kvar episode, både pasientar med dramatisk historikk så vel som kirurgane og anna helsepersonell som ryddar i rotet. 

Ropkasten er ein mini-serie på 11 episodar, der Roger Atle Wæhle Kårstad viser oss vegen gjennom rus- og psykatribehandling når samspelet mellom helse, samfunn og stat må fungere på sitt beste. Her vil dei fleste få nokre openberringar, og kanskje det er lettare å forstå kvifor enkelte ramlar utfor resten av samfunnet etter nokre velvalgt episodar i denne serien. 

Pestpodden er absolutt rette staden å byrje om du har tenkt deg nærare ekvator denne sommaren! Ingrid og Jørgen har klart kunststykket å lage ein podkast om tropiske sjukdomar og parasittar i kanskje verdas minst tropiske land - som dei sjølve seier. Her er første halvdel av episodane for publikum flest, medan andre halvdel er mest for legar i spesialisering og helsepersonell. Ein glimrande sjanse til å briljere med medikament-forslag til legen din, der du ligg med 42,9 i feber og opne kraner alle vegar på båra der altså.
Skal du til Asia? Sjekk ut lepra-episoden. Frankrike? Antibiotikaresistens. Ibiza? To episodar om syfilis, værsågod.
 

Alle podkastane finn du på Apple podcast, Google, Spotify og andre tenester du måtte føretrekke.